Magnus III av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Magnus III)
Magnus III

Konge av Noreg
Regjeringstid10931103
Fødd1073
FødestadNoreg
Død24. august 1103
DødsstadRiver Quoile
GravstadDownpatrick
Gift medMargret Fredskolla
DynastiHardrådeætta
FarOlav III av Noreg
MorTora Jonsdatter
BornØystein I av Noreg, Sigurd Jorsalfare, Olav Magnusson, Tora Magnusdatter, Sigurd Slembe, Harald IV av Noreg, Ragnild Magnusdatter

Magnus III Olavsson Berrføtt (107324. august 1103) var konge av Noreg i tidsrommet frå 1093 til 1103. Det fyrste året var han konge saman med syskenbarnet Håkon Toresfostre, men etter at Håkon døydde i ung alder var Magnus einekonge frå og med 1094. Olav III Haraldsson Kyrre var far til Magnus Berrføtt.[1]

Regjeringstid[endre | endre wikiteksten]

I 1098 fór Magnus Berrføtt på tokt til Orknøyane og Hebridane, og gjorde dei til ein del av Noregsveldet. Han førte dinest ein fåfengd krig mot den svenske kongen Inge Stenkilsson. Ufreden ende med forliksmøte i Konghelle, og Magnus gifta seg med dottera til Inge, Margrete, kalla «Fredkulla» («fredskvinna»).[1]

I Soga om Magnus Berrføtt vert det fortald då kong Magnus kom attende frå vesterviking hadde han og mennene hans teke mykje dei same skikkane og kledebunader som var vanlege i vesterlanda. Mellom anna gjekk dei med berre legger på gata, og hadde stutte kjortlar og kapper. Han vart difor kalla «Magnus Berrføtt».[2]

I 1102 tydeleggjorde Magnus sitt herredøme over øyene i vest under eit nytt hærtog, på heimferda fall han mellombels under ein landgang i Irland. Magnus oversjøiske herjingar og erobringar gjer at nokre forskarar ser på han som den aller siste vikingkongen, sjølv om dette er noko ein jamnan har tilskriven hans farfar, Harald Hardråde. Magnus vart gravlagd i St. Patricks kyrkje i Downpatrick. Han etterlét seg sønene Øystein I, Sigurd II og Olav Magnusson.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Magnus 3. Berrføtt» av Norseng, Per G. & Haagensen, Petter i Store norske leksikon, snl.no. Henta 6. februar 2024.
  2. Sturlason, S., Kongesoger, Det norske samlaget, 4. utg. 2. oppl. 1994.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Magnus III av Noreg