Magnus IV av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magnus IV av Noreg
Haraldsonnenes saga-Reidar Grjotgardsson lofter Magnus Blinde-W. Wetlesen.jpg
Konge av Noreg
Regjeringstid1184-1202
Fødd1115 (juliansk)
FødestadNoreg
Død12. november 1139 (juliansk)
DødsstadHvaler
FøregangarSigurd I Magnusson Jorsalfare
EtterfølgjarHarald IV Magnusson Gille
Gift medKristin Knutsdatter
DynastiHardrådeætta
FarSigurd Jorsalfare
«Magnus vert skamfaren.»
Teikna av Eilif Peterssen til Heimskringla.

Magnus IV eller Magnus Sigurdsson den blinde levde om lag i tidsrommet frå 1115 til 1139. Magnus den blinde var son av kong Sigurd I Magnusson Jorsalfare. Magnus den blinde var konge av Noreg i tidsrommet frå 1130 til 1135. Harald IV Magnusson Gille var konge samstundes. Harald Gille lét Magnus IV verta teken til fange. I fangenskap vart Magnus IV kastrert og blinda.

I borgarkrigstida i Noreg var det fleire stridar mellom ulike kongsemne. Byrjinga på borgarkrigstida går attende til då Sigurd Jorsalfare døydde i 1130. Makta vart delt mellom tre søner som heldt kvar si hird. Nye kongsemne, som hevda å vera kongssøner, kom og gjorde krav på kongsnamn. Etter kvart utvikla stridane seg til open strid mellom ulike flokkar.

Magnus IV vart igjen konge i tida frå 1137 til 1139, men då samstundes med Sigurd Slembe og Sigurd II Munn.