Magnus I av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnus I

Kobberstikk av Magnus den Gode
(Frå Det Kongelige Bibliotek)
Konge av Noreg og Danmark
Regjeringstid10351047
Fullt namnMagnus Olavsson
Fødd1024
FødestadNoreg
Død25. oktober 1047
DødsstadSjælland
GravstadNidarosdomen
DynastiHårfagreætta
FarOlav II av Noreg
MorAlfhild
BornRagnhild Magnusdatter

Magnus I, Magnus den gode eller Magnus Olavsson (102425. oktober 1047) var konge av Noreg i tidsrommet 1035–1047, og dessutan konge av Danmark i tidsrommet 1042–1047. I dei to siste åra av styringstida hans, var farbroren Harald Hardråde medkonge.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Magnus var frilleson åt kong Olav den heilage. Mor hans var Alvhild, og etter Snorre vart ho kalla kongens si tenestejente. I ei anekdote fortel Snorre om korleis han fekk det uvanlege namnet Magnus. Fødselen skal ha skjedd om natta medan kongen sov og dei var redde for at guten skulle døy før morgonen. Sidan dei ikkje torde vekke kongen sjølv, avgjorde Sigvat Skald at han skulle kallast opp att etter kong Karl den store (Karla-magnus) og ved ei språkeleg mistyding fekk han difor namnet Magnus. Han var den første norske kongen med dette namnet.

Magnus hadde ein halvbror som vart kalla Tore; etter sogene var han ein son som Alvhild hadde fått med ein annan mann en kong Olav, truleg før Magnus vart fødd. Kong Harald Hardråde nemner han i eit dikt,[1] der han opplyser at far hans vart kalla med det nedsetjande namnet "Hvinngestr" (tjuv-gjest). Harald Hardråde (Sigurdsson) var Magnus sin farbror, halvbror til faren. I sogene er det opplyst at Åsta Gudbrandsdotter var mor til både Olav den heilage og Harald Hardråde.

Halvsyster til Magnus var Ulvhild, dottera som kong Olav fekk med den svenske kongsdottera Astrid Olofsdotter. Ho var det einaste ektefødde barnet til heilagkongen. Etter at Magnus vart konge i Danmark (1042), let han Ulvhild gifte seg med hertug Ordulf av Sachsen (sjå nedanfor).

Etter det ein kjenner til hadde Magnus berre eit barn, dottera Ragnhild. Kven mor hennar var, og når ho var fødd, veit ein ikkje, men ho vart gift med Håkon Ivarsson jarl som vart dansk jarl i Halland. Ei av døtrene deira vart gift med orknøyjarlen Pål Torfinnsson. Ei anna dotter var mor til «Håkon Jyde» (òg kalla «Håkon Nordmann»), som var far til den danske kongen Erik Lam.[2][3]

Konge som 11-åring[endre | endre wikiteksten]

Då Olav Digre rømde frå Noreg i 1028, var den fire år gamle Magnus med på ferda, som enda i Gardarike. Der vart han verande i Novgorod hos storfyrsten Jaroslav,[4] som då var gift med Ingegjerd Olofsdotter.[a]

I 1035 vart Olav Digre erklært for heilag, og det året reiste menn frå Noreg, under leiing av mellom andre hovdingane Einar Tambarskjelve og Finn Arnesson, til Gardarike; dei ville hente heim sonen til helgenkongen og setje han til ny konge i Noreg. Sumaren 1035 kom ungguten Magnus Olavsson attende til Noreg og vart straks teken til konge over heile landet. Han var berre 11 år gamal, men som son av ein helgen fekk han ein posisjon som ingen konge eller jarl hadde hatt før i Noreg. Han vart kalla kong Magnus den gode, men ein «god» konge kan han knappest seiast å ha vore og det kan heller ikkje hevdast at han i utgangspunktet hadde nokon legitim rett til å bere kongsnamn i Norge. Faren, vikingkongen Olav Digre, hadde erobra Noreg med hærmakt og etter reelt sett å ha herska i ti år, vart han jaga ut av landet og seinare drepen i slaget på Stiklestad, då han på nytt hadde freista å hærta riket.

I tida 1030 til 1035 hadde Svein Knutsson vore konge i Noreg. Han var berre omkring 14 år gamal då han fekk kongsnamn og var truleg i byrjinga godt likt og fullt ut akseptert som rettmessig konge over riket.[b] Men ei stendig sterkare misnøye med kong Svein gjorde seg etter kvart gjeldande, uten tvil grunna i eit vanstyre som skuldast mor hans, Ælfgifu av Northampton, ho som i Noreg vart kalla Alfiva. Snorre skreiv at kong Svein var eit barn, både i alder og tanke, og sogene er samstemte om at det var Alfiva som mest stod for styringa av landet. I eit dikt (lausavise)[5] talar skalden Sigvat Tordarson om Alfiva-tida. Det er ikkje tvil om at det i denne tida vart innført harde lover, og slik det er nemnt i sogeverket Ågrip,[6] opplevde folk både tvang og uår medan kong Svein og mor hans regjerte.

Sogene fortel at Magnus samla hærstyrkar for å legge under seg landet. Kong Svein Knutsson og mor hans måtte då truleg ha innsett at dei hadde lite med støtte i Noreg, og utan å gå til strid mot helgensonen, forlet dei landet i 1035 og reiste til Danmark. Arnor jarlaskald nemner dette i Magnusdråpa[7] 4. verset: «han dreiv Svein bort frå hans fedrearv». Truleg året etter døydde Svein Knutsson i Danmark, berre 20 år gamal.

Det skulle vise seg at kong Magnus tok arv etter faren, ikkje som fredeleg heilagmann, men som krigarkonge og erobrar. Det meste av styringstida låg han ute i krig, og han tok lite del i styre og stell av Noreg.

Hemnfulle herre[endre | endre wikiteksten]

Kong Magnus og Åsmund Grankjellsson. "Ta heller øksa min", sa kongen, "du kan tru, Åsmund, at det er harde bein på den karen".
Teikning av Halfdan Egedius (1899)
Stiklestad: «Mi øks nådde han ikkje,» svara Kalv og sprang opp på hesten sin og reid bort. Teikning av Halfdan Egedius (1899).

Snorre fortel[8] at, før han kom til Noreg, gjorde Magnus eiden sin på at dei som hadde stridd mot Olav den heilage, skulle ha trygd og fullt forlik. Men straks han hadde vorte konge, sette han likevel i verk harde straffer mot dei. Han jaga mange ut av landet eller han tok eigedomane og godset deira. Han var sterkt medverkande til at Hårek frå Tjøtta var drepen, og Kalv Arnesson kjende seg så truga at han reiste frå landet med alt folket sitt.[c] Kong Magnus eigna då til seg Egge og alt det godset som var etter Kalv.

Fremferda til kongen var ille likt mellom bøndene, og det var i denne samanhengen at skalden Sigvat Tordarson skreiv diktet Bersoglisviser,[9] der vers 11 er slik:

Hverr eggjar þik, harri
heiptarstrangr, at ganga
(opt reynir þú) þínum
(þunn stôl) á bak môlum?
Fastorðr skyli fyrða
fengsæll vesa þengill;
hœfir heit at rjúfa,
hjaldrmǫgnuðr, þér aldri.
Kven eggjar deg,
hemnfulle herre
til å svikte
dine lovnader?
Ofte prøver du det tynne stål;
ein sigersæl krigar burde
alltid ordhalden vere.
Det sømer seg aldri å bryte ditt ord.

Snorre skreiv då at kongen retta på seg etter dette, og han vart vensæl «og alt folket i landet elska han». Det er den vanlege oppfatninga at det var etter denne «omvendinga» at kong Magnus vart kalla «den gode» (han var ikkje lenger vond og hemngjerrig?). Det er likevel nokså uvisst kvifor Magnus fekk tilnamnet; kanskje er ei meir truverdig forklaring å finne i sjølve diktet Bersoglisviser, der Magnus i vers 5,[10] vert samanlikna med kong Håkon den gode.

Om det var slik at Magnus gav seg med å straffe nordmennene, kan det likevel sjå ut til at han vende hemntankane sine mot Danmark, landet som hadde ført hærstyrkar mot kong Olav i Slaget ved Helgeå og til sist hadde jaga han or Noreg.

Krigarkongen[endre | endre wikiteksten]

Snorre seier lite om korleis det frå først av oppstod ufred mellom Magnus den gode og Hardeknut,[d] kongen i Danmark. Han fortel at «våren etter (truleg 1036) baud begge kongane ut leidang» og det vert gjerne tolka slik at kong Magnus måtte forsvare seg mot den danske kongen som gjorde hærferd mot Noreg for å ta attende riket til kong Svein Knutsson. Dei fleste andre norrøne kjeldene gir likevel uttrykk for at det var Magnus som gjekk til krig mot Danmark, og historieverket Ågrip[6] seier det beint fram slik: «Men då han hadde styrt landet i nokre år .. kom han i hug den urett som hadde vore gjort imot far hans, og han fór med ein hær til Danmark. Det var alle fullhuga på, av di dei ynskte hemn.»[e]

Kong Knut den store døydde i England i november 1035. Hardeknut skulle ta over som engelsk konge og det er særs lite truleg at han på denne tida skulle ha ynskt å binde seg opp med ein krig mot Noreg. Den danske sogeskrivaren Saxo Grammaticus nemner om dette i sitt sogeverk Gesta danorum,[11] der han legg vekt på Hardeknut sitt dilemma; han våga ikkje å reise til England, før han han hadde avklart situasjonen som hadde oppstått på grunn av «nordmennenenes troløshet». Han kallar kong Magnus for «ransmannen» og gir ei klar oppfatning av at det var kong Magnus som starta krig mot Danmark.

Dette høver òg godt med opplysningane i den angelsaksiske krønika, der det står at Hardeknut ikkje kom til England før i 1039.[f]

Eit par år med ufred må det i alle høve ha vore, sidan det til sist vart gjort ein fredsavtale mellom kong Magnus og Hardeknut, truleg i 1037 eller 1038.

Forliket ved Göta elv[endre | endre wikiteksten]

Magnus den gode og Harde-Knut møtest ved Göta Elv (Ågrip nemner Brennøyane), truleg i 1038. Teikning av Halfdan Egedius (1899)

I fleire av dei norrøne sogene vert det sagt at dei to kongane, Hardeknut og Magnus, møttest ved «Elv» (Gøta elv) og gjorde ein avtale om at dei skulle halde fred med kvarandre, og dersom den eine av dei døydde sonelaus, skulle den andre arve riket hans. Hendinga er ikkje nemnt i noko skaldevers, og norske historikarar[12] har stilt seg tvilande til at ein slik avtale i det heile vart gjort. Det som talar for at avtalen, i ei eller anna form, kom i stand, er det faktum at Magnus på fredeleg vis vart teken til kong i Danmark, rett etter at Hardeknut døydde.

Hardeknut reiste frå Danmark i 1039 og vart konge i England året etter,[13] men døydde brått 8. juni 1042, berre 24 år gamal.[g]

Stutt tid etter drog kong Magnus til Danmark, og Snorre skriv at på Viborgtinget vart han straks kåra til konge over heile Daneveldet. Mange av dei norrøne sogene fortel om dette. Adam av Bremen[14] opplyser at Magnus hadde makta i to rike, nemleg Danmark og Noreg, og ikkje minst er det nemnt i fleire skaldevers. I Magnusdråpa[7] seier skalden Arnor jarlaskald det slik i det 7. verset:

Náði siklingr síðan
snjallr ok Danmǫrk allri
- môttr óx drengja dróttins -
dýrr Nóregi at stýra.
Den modige, gilde fyrste
oppnådde sidan å styre
Noreg og heile Danmark
Hans makt auka monaleg

Det var på denne tida at Magnus let halvsystera Ulvhild gifte seg med hertug Ordulf av Sachsen.[14] Ekteskapet kom i stand som ein lekk i Magnus si alliansebygging for å sikre herredømet over Danmark. Hertugdømet Sachsen og Danmark hadde òg ein sams fiende i venderane. Rett etter giftarmålet let hertug Ordulf drepe den danske jarlen Harald Torkjelsson.[15] Truleg vart drapet utført etter ynskje frå kong Magnus; Harald jarl var gift med systerdotter til kong Knut den store og var ein mogeleg dansk tronkrevjar.[16]

Krig mot vendarane[endre | endre wikiteksten]

Hærstyrkane til Magnus den godes jagar venderane på Lyrskogsheia. Teikning av Halfdan Egedius (1899)

Som dansk konge måtte Magnus verje landet mot trugsmål frå slaviske folk. Våren 1043 drog han i hærferd til Vendland der han erobra Jomsborg, byen som Adam av Bremen kallar «Jumne». Snorre fortel at han brende borga og Arnor jarlaskald nemner òg dette i Magnusdråpa,[7] der han kallar byen Jómi (sveið of ôm at Jómi). Seinare det året,[h] heldt han slag mot vendarane på Lyrskogheia (Hlyrskogheiđi), nær Slesvig. Slaget er nemnt i mange skaldevers, mellom andre i Magnusdråpa[7] og i eit dikt av Odd Kikinaskald,[17] og kong Magnus fekk ein stor siger. Ovmange vendarar fall i slaget, og Snorre skreiv at «Folk seier at det aldri har vore så stort mannefall i Norderlanda i den kristne tida». Saxo Grammaticus omtalar slaget og skriv at «Ved denne lykkelige Sejr vandt Magnus i høj Grad Almuens Gunst».[11]

Striden mot Svein Estridsson[endre | endre wikiteksten]

Stutt tid etter at Magnus vart konge av Danmark, gjorde han den danske hovdingen Svein Ulvsson til jarl i Danmark. Snorre fortel at Einar Tambarskjelve tykte ille om utnemninga og la desse kjende orda i munnen hans: «For stor jarl, for stor jarl, fosterson». Svein jarl var systerson til kong Knut den store,[i] og det gjekk heller ikkje lang tid før Svein jarl let seg utrope til konge i Danmark.

Dei siste åra av livet sitt, vart kong Magnus bunden opp i krigar mot den nye tronkrevjaren (oftast kalla Svein Estridsson), som ei tid hadde alliert seg med frenden sin, Emund Olofsson i Sverige.[j] I åra mellom 1043 og 1045 heldt dei mange slag mot kvarandre; slagstader som Re (øya Rügen) og Helganes (Helgenæs ved Århus) er nemnt både i sogene og i skaldevers. Det var jamnast kong Magnus som fekk siger, men kong Svein greidde alltid å berge seg undan. I meir enn 20 år låg kong Svein i strid med nordmennene, først mot kong Magnus, og seinare mot kong Harald Hardråde.[k]

Kravet på England[endre | endre wikiteksten]

Snorre skriv i soga om Magnus den gode,[18] kap. 36, at kong Magnus sende menn til kong Edvard (Vedkjennaren)[l] i England, med brev der han viste til arv etter Hardeknut og gjorde krav på England. Brevet er ikkje historisk dokumentert, men i engelske kjelder, mellom andre i krønika til Florence av Worcester[19] og i Jatvardar Saga[20] er det opplyst at kong Edvard i år 1045 verkeleg samla ein hærflåte ved Sandwich for å møte kong Magnus frå Noreg, som hadde truga med å invadere England. Etter det Snorre skreiv, gav kong Magnus opp invasjonsplanane; i alle høve fekk han truleg nøgda å hanskast med den neste tida, i striden mot Harald Hardråde og krigføringa i Danmak. Berre to år seinare døydde han.

Kong Magnus og Orknøyane[endre | endre wikiteksten]

Orknøyingasoga[21] gir oss det inntrykket at orknøyjarlen Ragnvald Brusesson var ein god ven av kong Magnus og hadde vore med i fylgjet då kong Olav og familien hans rømde frå Noreg til Gardarike i 1028. Ragnvald kom attende til Noreg i 1035, saman med Magnus, og stutt tid etter reiste han til Orknøyane for å krevje «odelen sin», etter at faren, Bruse Sigurdsson jarl, var død. Ved dette høvet vert det sagt i Orknøyingasoga (kap. 21/22) at kong Magnus gav han tre skip, og gav han jarletittel og tredjeparten av øyane.

Ragnvald Brusesson rekna seg etter dette som undersått av den norske kongen for deler av Orknøyane og Shetland, og det vart usemje mellom han og farbroren Torfinn jarl, som heldt på at øyriket høyrde til orknøyjarlane og at han aldri hadde akseptert den norske kongen sitt krav på overherredøme. Det kom til open krig mellom dei to, og Orknøyingasoga fortel at kong Magnus gav støtte til Ragnvald jarl med skip og mannskap. Det heile enda likevel med at Torfinn jarl sikra sitt herredøme over heile Orknøyriket. Det var ved dette høvet at Kalv Arnesson tok del i striden på Torfinn jarl si side, mot styrken til kong Magnus og Ragnvald jarl.

Ragnvald Brusesson jarl vart drepen på «Litle Papøy» (Papa Stronsay), truleg vinteren 1046/1047, det siste året kong Magnus levde.

Harald Hardråde kjem attende til Noreg[endre | endre wikiteksten]

Etter år 1045 ser det ut til at kong Magnus hadde greidd å skape ro i riket sitt. Snorre skreiv at «No rådde kong Magnus både i Danmark og Noreg», og det var god fred. Men ein ny tronkrevjar melde seg: farbroren Harald Sigurdsson, seinare kalla Harald Hardråde, kom austanfrå og han hadde ein stor flokk med stridsvande menn. Han hadde gjort karriere som hovding for væringane i det Bysantiske keisarriket, og hadde vorte ein røynd krigar som samla seg store rikdomar. No kom han heim for å krevje arv etter halvbror sin, Olav den heilage, og verta konge over Noreg.

I sogene og i skaldevers vert rikdomen hans skildra, til dømes i diktet Sexstevja,[22] der skalden Tjodolv Arnorsson talar om heimferda til Harald, med skipet nedlest av gull:

Gekk með golli miklu
(glygg fell ótt of tyggja)
hǫll á hléborð sollin
Haralds skeið und vef breiðum
Haralds skute vasstung
Halla mot le i stormen
ført av det breie seglet
og full av de skire gullet

I det same diktet (10. verset) fortel skalden om Harald, at «Olavs son deg sidan baud (likt med seg) halvdelen av land og folk» (Bauð hǫlf við sik - síðan sonr Ôleifs - þér lǫnd ok þegna), men etter det vi kan lese i sogene gjekk det i røynda ikkje så fredeleg for seg.

Hausten etter slaget ved Helganes[23] (1044) hadde Svein Estridsson rømt til Sverige og der møttest han og Harald Hardråde. Dei to gjorde då ein allianse[m] for å gå til krig mot Magnus; Svein hadde det å vinne at han skulle få herredømet over Danmark og Harald ville erobre Noreg med hærmakt.[n] Både i sogene og i skaldekvad (t.d. i eit dikt[24] av Valgard frå Voll) vert det fortalt at dei to herja i Danmark. Dei for hardt fram; brende i bygdene, der låg døde i hopetal og folk rømde inn i skogane. Kong Magnus drog saman hærstyrkar i Noreg, men skjøna nok snøgt at han ikkje kunne stå seg mot dei samla hærstyrkane til Harald og Svein, og han sende menn til Harald med tilbod om fred. Det enda då til sist med at Harald braut avtalen med Svein og reiste til Noreg. Der vart Harald og Magnus samde om å dele riket, og gullet til Harald skifte dei likt mellom seg. I ei dråpa om Harald Hardråde[25] sa skalden Bolverk Arnorsson, «gåvmilde mann, du baud han ditt gull» (hoddstríðir, en gull bautt hônum).

Men møtet mellom dei to kongane var truleg ikkje så venskapeleg som til dømes Snorre ville ha det til.[26] I andre soger, t.d. i Fagerskinna[27] (kap. 52) må ein forstå det slik at Harald Hardråde var budd på å nytte våpen mot brorsonen, for å erobre Noreg med hærmakt. I eit vers[28] skildrar skalden Tjodolv Arnorsson at hærskipa til Magnus kom frå nord og Harald sin flåte kom dei i møte frå sør, og folk var redde for at det kunne verta strid (veit drótt mikinn ótta).

På eit vis kom dei likevel fram til ei fredeleg semje, og kongane Magnus og Harald rådde deretter begge over Noreg, og dei hadde kvar si hird. Men det er ikkje tvil om at kong Magnus og stormennene i Noreg, særleg Einar Tambarskjelve, var misnøgde med stoda, og sogene fortel at det drygde ikkje lenge før dei to kongane vart usamde.

Til tider skal det ha vore direkte fiendskap mellom dei. Under sjøferda sumaren 1047, vert det fortalt både i Heimskringla[29] og i Fagerskinna (kap. 53) at det kom til kiving om kven som hadde førsteretten til å legge skipet i kongsleiet, når dei la til lands. Kong Harald kom først fram og hadde alt lagt skipet sitt inn i hamna. Då kong Magnus kom fram, tvinga han kong Harald til å legge seg til side; han meinte at han sjølv hadde førsteretten. Kong Magnus bad mennene sine ta til våpen, og sa: «vil dei ikkje legge undan, skal vi slåst». Det skal ha skjedd liknande episodar, og det verkar som om tilhøvet mellom dei vart stendig dårlegare.

Kong Magnus døyr[endre | endre wikiteksten]

Vinteren eller våren 1047 baud dei ut den norske leidangen og om sumaren segla kong Magnus og kong Harald med ein stor hær til Danmark. Dei la heile landet under seg og Svein Estridsson rømde aust til Skåne. Om hausten låg dei framleis med flåten i Danmark, og i oktober døydde Magnus. I sogeverket Fornmanna sögur[30] er det konkret opplyst at kong Magnus døydde tre dagar før Simonsmesse[31] og døsdatoen måtte då kunne setjast til 25. oktober. I den angelsaksiske krønika[32] er det berre kort nemnt at han døydde det året. Dødsfallet er nemnt i alle dei viktigaste, både norrøne, danske og engelske kjeldene frå 1100- og 1200-talet, men opplysningane om korleis han døydde, og kvar helst det skjedde, er sterkt varierande. Den eine «hovudversjonen» er at han fall over bord frå eit skip og drukna, etter den andre versjonen vart han kasta av ein ustyrleg hest og slo hovudet mot ein trestamme.[o]

I dei eldste norrøne sogene er det oftast gitt særs konkrete opplysningar om korleis kongane, og dei fleste stormennene, døydde, og det er særs underleg at det var så stor uvisse omkring dødsfallet til helgensonen, kong Magnus den gode. På den tida har Harald Hardråde vorte medkonge; han var truleg den mest brutale og kyniske av alle dei norrøne kongane, og i sogene er det fortalt at han nytta drap og mord for å fjerne folk som stod i vegen for han. Han kunne òg skryte av ugjerningane sine og tyktes å kunne glede seg over å minnast dei, og han gjorde sjølv eit dikt om dette:

Nú emk ellifu allra
Eggjumsk vigs, ok tveggja,
Þhau eru, enn svát mank, manna
Morð ráðbani orðinn
No dauden har eg valda
elleve og to av mine fiendar.
Til drap eg ofte eggjast
eg minnest alle mine mord

Ein kan ikkje anna enn undrast på om farbroren Harald Hardråde medverka til at Magnus døydde, berre 24 år gamal. Resultatet var i alle høve at Harald Hardråde vart einekonge, berre eit år etter at han kom attende til Noreg.

Snorre skreiv i soga om Harald Hardråde.[33] (s.169): «Einar Tambarskjelve med heile trønderhæren for med liket til kong Magnus og førte det til Nidaros, og han vart gravsett i Klemenskyrkja[34] Der var skrinet til den heilage kong Olav òg, den gongen». Skalden Odd Kikinaskald gjorde eit vakkert minnedikt[17] om han, og eit av versa lyder slik (norsk omsetjing etter Finnur Jónsson):

Mák, síz Magnúss ævi
móðfíkins þraut góða
(Odd hafa stríð of staddan)
stillis, harða illa.
Hvarflak hvers manns þurfi;
harmr strangr fær mér angrat;
þjóðs at dǫgling dauðan
dǫpr; því fǫrum vér aprir.
Jeg har det meget ilde,
siden Magnus', den djerve konges,
gode liv endte;
kummer har betaget Odd (meg);
jeg vandrer om trengende til alle;
en streng sorg nedtrykker meg;
derfor går vi sorgfulle om;
folk sørger over den døde konge.

Myntar[endre | endre wikiteksten]

Mynt for kong Magnus – eksempel 1.
Mynt for kong Magnus – eksempel 2.
Mynt for kong Magnus og kong Harald.

Kong Magnus den gode let gjere mange ulike myntar i Danmark, både som norsk og dansk konge. Ingen av myntane som er funne, var prega i Noreg.

Mynten på illustrasjonen, eksempel 1, er mellom dei eldste myntane frå Sønderjylland. Teksten på framsida (advers) er: MAHNVS REX NAR (Magnus Rex Norvegiæ) og på baksida (revers): IOLI ON EIĐEBIINI (myntmeiser Jule og stadnamnet Heidaby).

Mynten på illustrasjonen, eksempel 2, har på framsida eit brystbilete i Bysantisk drakt og har teksten: MAGNVS REX D (Magnus Rex Danorum). På baksida er det eit bilete av ei borg, eller eit tårn og teksten er: IVLE ME FECIT (Jule har gjort meg).

Mynten på den siste illustrasjonen, vart gjort i tida då kong Magnus og kong Harald Hardråde var sams kongar (1046–1047). Teksten på framsida er: MAHNVS ARALD REX (Magnus Harald Rex) og på baksida: OVĐNCAR ON OĐN (Myntmeister Odinkar og truleg stadnamnet Odense)

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Sogeskrivarane ville gjerne framstille det slik at kong Magnus vart mildare stemt mot slutten av livet. Velmeinande, og etter Guds vilje skal han ha gitt han avkall på England. Då han låg på det siste, skal han ha «gitt» Danmark til Svein Estridsson, fordi det var mest «rettferdig». Det er mykje som talar for at desse skildringane er tillaga, og til dømes både i krønika til Florence av Worcester og den angelsaksiske krønika, så seint som for året 1047, er det opplysningar som tyder på at Magnus heilt til det siste førte krig mot Svein Estridsson i Danmark, og trugsmålet om invasjon i England var framleis høgst aktuelt.

Styringstida til kong Magnus må ha vore eit stort vonbrot for nordmennene, og særleg for Einar Tambarskjelve. Det er ikkje tvil om at dei hadde henta heim Magnus på grunn av religiøs fanatisme. Etter at dei drap heilagmannen på Stiklestad, kom nordmennene til at dei hadde gjort ei fælsleg synd, og dei trudde då at dei kunne bøte på skaden ved å setje sonen hans til ny konge. Men det skulle vise seg at kong Magnus tok arv etter faren, ikkje som fredeleg og mild heilagmann, men som krigarkonge og erobrar. Han fungerte som norsk konge i 12 år, men det meste av styringstida, i alle høve dei 6-7 siste åra, låg han ute i krig. Berre i korte periodar var han i Noreg og han kan ikkje ha vore særs oppteken av norsk politikk innanlands.[35] Norske hovdingar, først Finn Arnesson og seinare Einar Tambarskjelve, stod mest for styre og stell i Noreg.

Sogene, og skaldekvada, er likevel sameinte om at både i Noreg og Danmark, var det stor sorg etter kong Magnus. Han vart tillagt mange gode eigenskapar, både som person og konge, men størst ry fekk han likevel som sonen til ein helgen, og P. A. Munch uttrykte det slik: «i Folkets Øjne måtte Faderens Hellighed omstråle Sønnen med en særegen Glands.»[36]

Mange tykte nok at det var uforståeleg at krigaren og hardstyraren Harald Hardråde skulle verta han som tok over arven etter Olav den Heilage, men etter at kong Magnus døydde, vart det Hardråde-ætta som kom til å føre vidare det norske kongedømet.

Kjelder og utfyllande opplysningar[endre | endre wikiteksten]

Teikn. av Gerhard Munthe 1899.

Mest opplysningar om kong Magnus den gode, finn vi i dei norrøne kongesogene: Heimskringla av Snorre Sturlason, i soga om Magnus den gode[18] og soga om Harald Hardråde,[37] i Fagerskinna,[27] i Morkinskinna[38] og i Ågrip,[6] men han er òg omtala i andre norske (islandske) og danske kjelder frå 1100- og 1200-talet. Opplysningar om han finn vi òg i mange utanlandske kjelder, av desse kan nemnast den angelsaksiske krønika, krønika til Florence og Worcester, krønika til William of Malmesbury, Beretningen om Hamburg stift av Adam av Bremen og Encomium Emmae Reginae (og andre - sjå ref.).

I Skaldatal[39] er desse ført opp som skaldar hos kong Magnus den gode: Sigvat skald, Arnor jarlaskald, Odd Kikinaskald, Refr og Tjodolv Arnorsson. Han er òg omtala i dikt av andre skaldar, t.d. Bolverk Arnorsson, Valgard frå Voll og Torgeir Flekk, og det finst eit etter måten stort tilfang av samtidige skaldedikt der kong Magnus den gode er nemnt. Dei viktigaste hendingane i livet hans er dokumentert i skaldedikting. Kong Magnus var sjølv skald, og to små vers[40] av han, er kjende.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Syster til Ingegjerd var Astrid Olofsdotter som var gift med kong Olav, og såleis var stykmor til Magnus. Ingegjerd og Astrid var døtrene til kong Olof Skötkonung i Sverige.
  2. Kong Svein var rett nok innsett som konge av faren, kong Knut den store, men hans legitimitet som konge i Noreg kan hevdast å ha vore arv etter syskenbarnet hans, Håkon Eiriksson jarl, som døydde i 1030
  3. Kalv Arnesson reiste til Orknøyane der han fekk tilhald hos Torfinn Sigurdsson jarl. Han kom attende til Noreg først etter at kong Magnus var død.
  4. Hardeknut (1018-1042)var sonen til kong Knut den store og Emma av Normandie. Han var konge i Danmark i tida 1035-1042 (i røynda fungerande konge frå 1028) og engelsk konge i tida 1040-1042.
  5. Adam av Bremen uttrykte det slik: «Nordmennene valgte da Magnus, som var en frillesønn av Olav Martyr. Magnus gikk straks til krig mot Danmark og fikk makten over to riker, ettersom Hardknud, kongen av Danmark, oppholdt seg i England med sin hær». (hugs at Adam skreiv dette berre 30-40 år etterpå, og meir enn hundre år før dei norrøne sogeskrivarane).
  6. Den angelsaksiske krønika for 1037: Harold vart vald til konge, og «Harthacnut was forsaken because he was too long in Denmark»
  7. Ein dansk rettsmedisinar har sett fram ein teori om at Hardeknut sin farfar, Svein Tjugeskjegg han døydde av Brugadas syndrom (ref.: http://videnskab.dk/kultur-samfund/retsmediciner-svend-tveskaeg-gav-dodelig-sygdom-videre-til-en-raekke-danske-konger). Teorien er òg at dette var ein arveleg defekt som kunne gi forklaring på tidleg død for mange av etterkomarane hans.
  8. Snorre tidfester slaget på Lyrskogheia til omkring Mikkjelsmesse, 28. september.
  9. Mor hans var Estrid, dottera som Svein Tjugeskjegg fekk med den andre kona si, Sigrid Storråde, som òg var mor til den svenske kongen Olof Skötkonung.
  10. Emund Gamle var sonen til Olof Skötkonung og var dermed nærskyld med Svein Estridsson. (Snorre nemner Emund som konge, men truleg vart han ikkje konge før omkring 1050, etter at broren Anund Jakob døydde)
  11. Omkring år 1064 kom det til ein fredsavtale mellom kong Harald Hardråde og Svein Estridsson, og frå den tida var han einerådande konge over Danmark.
  12. Edvard Vedkjennaren vart konge i 1042, etter at halvbroren Hardeknut døydde. Edvard var son til Ethelred II den rådville og Emma av Normandie.
  13. Snorre skreiv at både Svein og Harald hadde støtte frå Sverige, der kong Anund Jakob var konge i tida mellom 1022 og 1050. Snorre viser til skyldskapet mellom dei: Harald Hardråde var gift med Ellisiv Jaroslavdotter og kong Anund Jakob var morbror hennar. Truleg var Sigrid Storråde bestemor til både Anund Jakob og Svein Estridsson.
  14. I nokre av dei norrøne sogene, t.d. Flatøyboka, vert det fortalt at Harald møtte Magnus før han gjorde allianse med Svein, men Magnus ville då ikkje gå med på deling av riket, særleg var Einar Tambarskjelve imot dette. Forbitra reiste då Harald attende til Sverige, der han møtte Svein.
  15. Nokre eksempel på skildringane av korleis kong Magnus døydde:
    Saxo Grammaticus: ..men da han kom forbi Byen Alexstad, blev hans Hest sky for en Hare, saa at han kom til at støde mod en Træstammes fremstaaende Grene, og fik deraf sin Død.
    Morkinskinna: ..tilbringe lang Tid om Høsten ved Jylland, hvor da Magnus blev syg og døde,
    Svend Aagesøns Danmarks-Krønike: ..men i Sjælland kom han til å ride på en vild Hest der slog ham af, saa han tørnede mod et Træ – og opgav Aanden.
    Adam av Bremen: Magnus tok kampen opp igjen, men døde om bord på et av sine skip.
    Ryklosters Annaler : ..men ved uforsigtigt at ville gaa over fra et Skib til et andet, faldt han i Vandet og druknede.
    Ågrip: Han vart sjuk på Sjelland og andast der ..
    Jatvardar saga: ..då han skulle gå frå ein båt opp på skipet sitt, fall han i sjøen og drukna ..
    Snorre skriv i soga om Harald Hardråde berre at kong Magnus vart sjuk og døydde..
    I diktet «Konungatal» (vers 34) vert det sagt at han miste livet på grunn av sjukdom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lausavise av Harald Hardråde (Skaldic Project)
  2. Knytlingasaga kap. 78 (Om Kong Eriks Sønner)
  3. Erik Lam danmarkshistorien.dk
  4. Jaroslav I var storfyrste av Kievriket frå 1019 til 1054
  5. Lausaviser vers 26, av Sigvat Tordarson
  6. 6,0 6,1 6,2 Ågrip or Noregs kongesoger kapittel 36, v/Gustav Indrebø (1973) ISBN 8252101623
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Magnusdråpa av Arnor jarlaskald (Skaldic Project)
  8. Soga om Olav den heilage, avsnitt 251
  9. Bersoglisviser av Sigvat Tordarson (Skaldic Project)
  10. Bersoglisviser vers 5, av Sigvat Tordarson (Skaldic Project)
  11. 11,0 11,1 Danmarks historie av Saxo Grammaticus (dansk omsetjing)
  12. Vikingtid og rikssamling, Claus Krag, side 169
  13. Anglo-Saxon Chronicle Arkivert 2016-02-05 ved Wayback Machine. Online Medieval and Classical Library (åra 1039 og 1040)
  14. 14,0 14,1 Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, kap.27 (Aschehoug 1993)- tredje bok, kap. 12
  15. Om drapet på Harald jarl: Adam av Bremen, 2. bok, kap. 79
  16. Vikingtid og rikssamling, Claus Krag, s. 130
  17. 17,0 17,1 Dikt om Magnus den gode av Odd Kikinaskald (Skaldic Project)
  18. 18,0 18,1 Soga om Magnus den gode (Snorres kongesoger) red. Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy (Oslo 1993) ISBN 8252141390
  19. [1] Florence of Worcester’s Chronicle] v/Thomas Forester A.M. (London 1854)
  20. Saga Játvarðar konúngs hins Helga Soga om livet til Edvard Bekjennaren (1852)
  21. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  22. Sexstefja dikt om Harald Hardråde, truleg frå 1065 (Skaldic Project)
  23. Heimskringla Soga om Harald Hardråde, side 162
  24. Dikt om Harald Hardråde av Valgard frå Voll (Skaldic Project)
  25. Dråpa om Harald Hardråde av Bolverk Arnorsson (Skaldic Project)
  26. Sjå Snorre si skildring i Soga om Harald Hardråde, kap. 22
  27. 27,0 27,1 Fagrskinna v/Unger og Munch (1847) norrøn tekst
  28. Fragment av Tjodolv Arnorsson, 1. vers
  29. Soga om Harald Hardråde, kap. 27.
  30. Fornmanna sögur Kaupmannahøfn, 1831 (norrøn tekst)
  31. Simonsmesse Store norske leksikon
  32. The Anglo-Saxon Chronicle Arkivert 2016-02-05 ved Wayback Machine. Online Medieval and Classical Library
  33. Soga om Harald Hardråde side 169
  34. «Klemenskirken». Store norske leksikon. Henta 11-05-2017. 
  35. Norges Historie, Claus Krag, s. 70
  36. P A Munch: Det norske folks historie, bind 5, side 146.
  37. Soga om Harald Hardråde(Snorres kongesoger) red. Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy (Oslo 1993) ISBN 8252141390
  38. Morkinskinna ved Finnur Jónsson, København 1932
  39. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  40. Lausaviser av Magnus den gode (Skaldic Project)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Magnus I av Noreg