Hopp til innhald

Magnus Jonsson Hellesylt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Magnus Jonsson Hellesylt (18021872) var ein gardbrukar og jekteskipper frå SunnylvenSunnmøre.

Magnus var frå matrikkelgarden Sæter i Sunnylven. 8 år gammal, om våren, laut han ut og gjæte hos folk på Kjellstadli. «Han hadde lite klede, så det vart knapt med ombyte. Ei gamal jente, som tente der... sydde klede av gamle stakkar, så han slapp leggje seg når han hadde av seg våtekleda». 17 år gammal tok han seg årsteneste på Kjellstad, for mat og klede og ein peil brennevin til jul. Brennevinet selde han, kjøpte messingknappar som han selde vidare. Han la seg etterkvart opp peng og tinga seg rom på ei jekt, for å drive større handel. Magnus fekk ord for å vere «pålitande og grei», «så folk borga han varer».

Magnus gifte seg 1833 med Gyri Larssdotter Hellesylt (1808-1900). I 1836 kjøpte han farsgarden hennar for 300 spesiedalar. Garden fekk namnet Magnusgarden. Våren 1839 drog Magnus med jekta «Duen» til «Trondhjem med indenlandske Varer». På 1850-talet var han medeigar i «Brødrene», ei jekt som forliste på ein Bergens-tur.

Magnus og Gyri vart foreldre til ni born. Eldste sonen, Lars, tok over Magnusgarden og dreiv sjølv Trondheims-handel ei tid.