Magnus Liber Organi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Magnus Liber Organi (den store boka om Organum), er eit kjeldeskrift som var forfatta seint på 1100-talet eller tidleg på 1200-talet. Den fulle tittelen på boka er Magnus Liber Organi de graduali et antiphonario pro servitio divino. Boka inneheld ei rekkje komposisjonar knytte til Notre Dame-skolen, først og fremst Léonin og etterfølgjaren Pérotin.

Magnus Liber syner ei utviklingsline innanfor vestleg musikk frå einstemmig gregoriansk song til meir utvikla fleirstemmig stil. Organum vart utvikla for å underbyggje kyrkjesongen mest på same vis som dei gotiske katedralane vart utbygde for å huse relikviar. Dei gregorianske melodiane låg støtt til grunn for den musikalske bygnaden, og som relikviane var dei rekna som heilage. Ei røyst vart sett til å synge den opphavlege melodien (Tenor - den uthaldne), medan ein, to eller tre andre røyster slynga seg ikring denne: Vox Organalis. Ein av dei mest vanlege typane organum i boka er kalla clausula, som ein kunne byggje inn i den andre organum-songen.

Musikken i Magnus Liber var nytta i liturgien, til dei ulike årsfestane. Notasjonen var heller primitiv, utan taktering, og dei som song laut sjølve finne ut korleis dei sjølv skulle høve til stemmene etter beste emne. Men sjølve forsøket på å skrive ned fleirstemmig song var nytt for tida, og avgjerande for utviklinga av vestleg musikk.

Organa var rekna som heilagdomar, som slutta i seg gregoriansk song, i seg sjølve heilag. Om stavingane vart uthaldne, førte dette til at teksta missa meining for lyaren, men tanken bak songen var at songen og skulle slutte om eit mysterium, og at gud var det meinte publikumet.

Den opphavlege Magnus Liber Organi er ikkje teken vare på, og finst berre i avskrifter.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]