Magnus Tvedten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magnus Tvedten
Fødd 13. oktober 1869
Død

24. desember 1938

Nils Magnus Nilsen Tvedten (13. oktober 186924. desember 1938) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Tjølling i Vestfold. Frå 1917 til 1936 representerte han i fleire periodar partiet VenstreStortinget, vald frå valkrinsen Brunla og fylkeskrinsen Vestfold.

Magnus Tvedten var son til ein gardbrukar. Skulevinteren 1884/85 gjekk han Oddmund Vik sin folkehøgskule i Vestfold. Han gjekk elles ein del korte landbruks- og hagebrukskurs. Sidan gifta seg til garden Østby i Tjølling, og overtok i 1895 drifta på det som var odelsgarden til kona. Ved sidan av bondeyrket var Tvedten takstmann i Hypotekbanken i om lag 28 år.

Perioden 1899-1901 var Tvedten medlem av heradsstyret i Tjølling, vald på Avholdsfolkets liste. Frå 1905 til 1938 var han på ny heradsstyremedlem, då vald for Venstre. Han var ordførar i Tjølling 1907-10 og 1937-38, samt varaordførar i seks år. Frå 1925 til -30 var han formann i skulestyret i heradet.

Valperiodane 1916-18 og 1919-21 var Tvedten fyrste varamann til Stortinget frå einmannskrinsen Brunla. Han møtte frå 1917 til mai 1920 og på ny frå 22. juni 1921 i staden for statsråd Martin Olsen Nalum. Valperioden 1922-24 var Tvedten fyrste varamann frå fylkeskrinsen Vestfold og heldt fram å møte på Stortinget til ut i 1923-sesjonen. I desse sesjonane var han medlem 1917-18 og nestformann 1919-21 i Vegkomiteen, medan han i 1922-23 hadde plass i Sosialkomiteen. Frå 1931 til -36 var Tvedten fjerde stortingsrepresentant frå Vestfold og var alle seks sesjonane sekretær i Landbrukskomiteen.

Tvedten tok på seg ei mengd yrkes- og tillitsverv. Frå 1917 var han medlem både i Statens prisråd og Statens brenselsråd. Han var elles nestformann i Komiteen om ombygging av Vestfoldbanen og medlem i Den sivile forsvarskommisjon av 1920. I tida 1913-33 var han formann i Vestfold fylkes landbruksselskap og 1915-33 styremedlem i Felleskjøpet i Oslo. Også mangeårig styremedlem i Larviks Aktiemeieri & Handelslag, såvelsom i Larviks Andels Potetmelfabrik. Frå 1933 var han med i styringa av Noregs Bank si avdeling i Larvik. Etter å ha vore med i styret for Selskabet for Norges Vel, var han i fireårsbolken 1934-38 preses i selskapet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]