Magnus V av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Magnus V av Noreg
Magnus Erlingssons saga-Tittelfrise-G. Munthe.jpg
Fødd 1156
Noreg
Død

15. juni 1184
Sognefjorden

Tittel Konge av Noreg
Periode 1184-1202
Føregjengar Håkon Herdebrei
Etterfylgjar Sverre Sigurdsson
Magnus V av Noreg på Commons

Magnus V eller Magnus Erlingsson (115615. juni 1184) var konge av Noreg i tidsrommet 1162-1184.

Magnus var son åt stormannen Erling Skakke og Kristin, dotter åt Sigurd Jorsalfare. Han var difor ikkje kongsson, noko birkebeinane nytta mot han i kampen om makta. Magnus Erlingsson var den fyrste norske kongen som vart krynt, anten i 1163 eller 1164. Han var berre fem år då han vart vald til konge av lendmannspartiet under borgarkrigstida. Dei fyrste åra, medan han var umyndig, var Erling Skakke formyndarregent. Den fyrste sigeren hans på slagmarka var slaget på Re utanfor Tønsberg i 1177, der birkebeinkongen Øystein Møyla vart drepen.

Seinare same året kom Sverre Sigurdsson frå Færøyane og tok over leiinga av birkebeinane og førde kampen vidare. Erling Skakke fall i slaget på Kalvskinnet i Nidaros i 1179. Magnus Erlingsson fall i slaget ved Fimreite i Sognefjorden i 1184.