Mahanayim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°59′21.48″N 35°34′13.08″E
Mahanayim
לְהֲבוֹת הַבָּשָׁן
kibbutz
Mahanayim.jpg
Namneopphav: Bashanflammene
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Huladalen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Øvre Galilea
Koordinatar 32°59′21.48″N 35°34′13.08″E
Folketal 346 (2006)
Grunnlagd 1898
 - Grunnlagd av Galisiske immigrantar (1898)
Poale Zion-medlemmar (1916)
Yodfat-medlemmar (1939)
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mahanayim

Mahanayim (מחניים, מַחֲנַיִם) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg kring tre kilometer nordaust for Rosh Pina og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2006 hadde han 346 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landområdet Mahanayim ligg på vart kjøpt i 1892 av Ahavat Zion-organisasjonen Hovevei Zion med mål om å opprette ein moshava i området. I 1898 slo fleire familiar frå Galicia seg ned i området og kalla han opp etter den bibelske byen i Gilead, der Jakob var før han igjen møtte broren Esau og såg englar. Dei første innbyggjarane klarte seg dårleg. Jewish Colonization Association prøvde å få dyrka tobakk i området, men òg dette var mislukka og landsbyen vart fråflytta i 1912.

I 1916 kom ein kvutza av Poale Zion-medlemmar til området, og grunnla den første arbeidarbusetjinga i Øvre Galilea. I 1922 vart han ein moshav, men vart fråflytta i 1928.

Landsbyen vart busett ein tredje gong i 1939 av medlemmar frå kibbutzen Yodfat frå Safed.

Ben Ya'akov lufthamn ligg like sør for kibbutzen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]