Mahindra & Mahindra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mahindra E 350 DI
Mahindra terrengbil.

Mahindra & Mahindra Ltd. er ein indisk traktorprodusent som også lagar andre køyretøy.

Firmaet vart stifta i 1945, medan India framleis var under britisk okkupasjon, av dei to brørne J.C. Mahindra og K.C. Mahindra, saman med Ghulam Mohammed. Det opphavlege namnet var Mahindra & Mohammed Limited, men dette vart endra til Mahindra & Mahindra Ltd. den 13. januar 1948.

Dei fyrste åra produserte M&M terrengbilar og lette lastebilar og det var fyrst i 1963 at M&M, saman med International Harvester, starta traktorproduksjon. Firmaet har sidan utvikla seg til å verta den største traktorprodusenten i India og den 4. største i verda. M&M har kjøpt opp ein traktorfabrikk i Kina og har samlefabrikkar i Storbritannia og USA.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]