Mahis
Mahis | |||
مدينة ماحص | |||
by | |||
Seinvinter i Mahis
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
guvernement | Balqa guvernement | ||
Høgd | 800 moh. | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 14 000 (2005) | ||
Grunnlagd | 350 fvt. | ||
![]() Mahis | |||
Wikimedia Commons: Mahis | |||
Mahis (arabisk ماحص) er ein småby i Balqa guvernement i Jordan, 10 km vest for Amman. Folketalet er kring 14 000. Fjellybyen ligg over 800 meter over havet,[1] med flott utsyn over Jordandalen, Vestbreidda og Jerusalem i det fjerne. Mahis er kjend for frukthagane sine og dei mange vasskjeldene, mellom anna Mahisfontena.
Historie[endre | endre wikiteksten]


Ein trur Mahis vart grunnlagd i den romerske tida, då han låg ved grensa til det jødiske Perea og Filadelfia - Amman i Dekapolis. I bysantinsk tid låg han mellom bispedømet Gadara - Salt og Filadelfia.[2]
I Mahis ligg grava til Khidr, som er eit enkelt rom med ein liten hage kring og eit grønt flagg på toppen.[3][4] To kilometer vest for Mahies ligg Wadi Shoaib der grava til profeten Shoaib, eller Jethro, ligg i følgje bibelsk tradisjon.[5]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Mahis» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Indexmundi.com Online.
- ↑ RICERCA STORICO-ARCHEOLOGICAIN GIORDANIA XXIII - 2003 (Pdf file Research by Basema Hamarneh)
- ↑ Zain-Eldin, Mustafa Bin-Hashim (Summer 2003). «Jordan: The Land of Prophets» (PDF). Islamic Turisme (7): 66–74. Henta 27. desember 2010.[daud lenkje]
- ↑ The American Schools of Oriental Research Arkivert 2008-06-02 ved Wayback Machine. Online
- ↑ Peterjclark.tripod.com Online.