Maho Beach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Corsair Airbus A330 at SXM Bidini.jpg

Maho Beach er ei strand i Sint Maarten. Ho er kjend for Prinsesse Juliana internasjonale lufthamn som har tilknyttning til stranda.

For å lande på flyplassen må flya flyge i minimal høgde over stranda. Det har vorte så populært at rutetidene til flya vert vist på ei tavle på dei fleste barar og restaurantar på stranda.

Det er fare for at personar som står på stranda kan verte blåsne ut i vatnet. Dei lokale styresmaktene har sett opp advarslar på gjerda rundt flyplassen.

Stranda i seg sjølv består av kvit sand og har lite eller ingen vegetasjon grunna flya som flyr rett over.

16. oktober 2008 vart Maho område sterkt skada av orkanen Omar. Orkanen reduserte stranda til steinblokkar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]