Maia Sandu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maia Sandu

Fødd24. mai 1972 (51 år)
Risipeni
Statsborgar avMoldova, Romania, Sovjetunionen
PartiPartidul Acțiune și Solidaritate
Yrkesamfunnsøkonom, politikar, deltakar i internasjonale forum
Utdanna vedMoldovas akademi for økonomiske studier
Academy of Public Administration of Moldova
Harvard Kennedy School
Alle verv
  • medlem av Moldovas parlament (2019–2019)
  • Moldovas statsminister (2019–2019)
  • Moldovas president (2020–)
  • styreleiar (Partidul Acțiune și Solidaritate, 2016–2020) Sjå dette på Wikidata

Maia Sandu (fødd 24. mai 1972 i Risipeni i Fălești) er ein moldovsk samfunnsøkonom og politikar som frå 24. desember 2020 er president i Moldova. Ho var statsminister i landet frå juni til november 2019.

Sandu var minister i utdanningsdepartementet frå 2012 til 2015 og medlem av det moldovske parlamentet frå 2014 til 2015 og i 2019.[1][2][3] Ho har vore leiar for Handlings- og solidaritetspartiet (rumensk Partidul Acțiune și Solidaritate, PAS) sidan 2016.[4][5]

Sandu vann presidentvalet i november 2020 over rivalen Igor Dodon, med 57 % av røystene.[6][7] Ho vart innsett i presidentembetet 24. desember 2020.[8]

Sandu har vore tilsett i Verdsbanken, og er rekna som positiv til orienteringa av Moldova mot EU.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Maia Sandu