Maiden Castle i Dorset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flyfoto av Maiden Castle

Maiden Castle er ei bygdeborg frå den engelske jernalderen. Strukturen ligg 2,6 km sørvest for Dorchester i det engelske countyet Dorset.[1]

Dei eldste arkeologiske teikna på menneskeleg aktivitet i området består av ei rekkje vollar frå yngre steinalder. Kring 1800 fvt., under bronsealderen, blei staden brukt til å dyrka avlingar, og blei deretter forlaten. Maiden Castle sjølv blei bygd kring år 600 fvt. I den tidlege fasen var det eit relativt lite område på 16 hektar med ei ganske enkel utforming som minnar mykje om liknande bygdeborger i Storbritannia. Kring 450 fvt. blei anlegget utvida kraftig, og det omkransande området blei tredobla i omfang til kring 47 hektar. Dette gjer det til den største bygdeborga i Storbritannia, og ifølgje nokre definisjonar den største i Europa. Samtidig med utviding blei forsvarsverka til Maiden Castles gjort meir komplekse med tilføying av fleire murar, vollar og vollgraver. Kring år 100 fvt. byrja folkesetnaden på festninga å gå tilbake, og blei konsentrert kring den austlege delen av området. Staden var folkesett minst til den romerske perioden, då området var under kontrollen til den keltiske stamma durotriges.

Etter den romerske erobringa av Britannia i det første hundreåret verker det som om Maiden Castle blei forlate, sjølv om romarane kan ha vore militært til stades der. Ved slutten av 300-talet blei det oppført eit tempel og sekundære bygningar. På 500-talet var staden heilt forlaten, og han blei brukt som landbruksjord i mellomalderen.

Maiden Castle var inspirasjon for komponisten John Ireland og forfattarane Thomas Hardy og John Cowper Powys. Forsking på bygdeborger blei utbreidd på 1800-talet av arkeologen Augustus Pitt Rivers. På 1930-talet utførte arkeologane Mortimer Wheeler og Tessa Verney Wheeler dei første arkeologiske utgravingane av Maiden Castle, noko som gjorde bygdeborga betre kjend for allmugen.[2] Det blei utført fleire utgravinger under Niall Sharples, som gav meir kunnskap om staden, og ein del av borga blei reparert på grunn av dei store tala på vitjande som kom til staden. I dag er Maiden Castle verna som eit Scheduled Ancient Monument og er drive av English Heritage.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sharples (1991a), s. 20.
  2. Russell, M. (2019), Mythmakers of Maiden Castle: Breaking the Siege Mentality of an Iron Age Hillfort, Oxford Journal of Archaeology, 38: 325–342.
Bibligrafi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Maiden Castle i Dorset