Maihaugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eldhus frå Melby i Nord-Fron i Gudbrandsdalen, flytta til Maihaugen og reist der i 1913.
Fiskarkapellet frå 1459 frå Øyra ved Gudbrandsdalslågen i Fåberg,no på Maihaugen, er den einaste lafta kyrkjebygningen frå norsk mellomalder. Alle dei andre trekyrkjene som står att frå mellomalderen er bygd som stavkyrkjer. (Takryttaren, takoppbygget, på Fiskarkapellet høyrde ikkje med til den opphavlege bygningen, og er no fjerna.)
Årestove frå 1770-åra frå Tolstadskriden i Vågå, no på Maihaugen, er eit skorsteinslaust hus med open eldstad midt i rommet og ljore (hol i taket) for røyken.

Maihaugen, som tidlegare hadde namnet De Sandvigske Samlinger, er eit kulturhistorisk museum på Lillehammer. Museet høyrer inn under den konsoliderte museumseininga og stiftinga Lillehammer museum, som òg femner om Aulestad i Gausdal, som var heimen til forfattaren og nobelprisvinnaren Bjørnstjerne Bjørnson, Bjerkebæk i Lillehammer, som var heimen til forfattaren og nobelprisvinnaren Sigrid Undset, Norges Olympiske Museum, Postmuseet, Norsk handverksutvikling (NHU) og ei avdeling av Opplandsarkivet. Dessutan ligg det nasjonale ansvaret for musea sine Samtidsnettverk og Handverksnettverk til museet.

Maihaugens friluftsmuseum[endre | endre wikiteksten]

Maihaugen har eit stort friluftsmuseum med om lag 200 gamle og nyare bygningar og ein museumsbygning med fleire avdelingar og både faste og temporære utstillingar. Det fyrste heile gardstunet som har vorte flytta til eit museum, var storgarden Bjørnstad, som med 27 bygningar kom til Maihaugen i 1913. Her er òg eit nyryddingsbruk, eit småbruk og tre husmannsplassar. Kyrkje, skule, postkontor, jarnbanestasjon, butikkar, fengsel og eit militært telthus er òg å sjå på museet, og både fattige og rike bustader og husvære er representerte. Museet har dessutan ein rikhaldig samling gjenstandar, innbu, reiskap og pyntegjenstandar frå perioden frå mellomalderen til notida.

Friluftsmuseet har tre hovudavdelingar:

Bygda, der det vert synt fram hus, hovudsakleg frå perioden 1700 – 1850, flytta frå bygdene i Gudbrandsdalen, mellom anna komplette gardstun frå både storgard og husmannsplass. Men her er òg hus som er tidfesta til 1400-talet, som til dømes «Dagsgardsloftet», og ei stavkyrkje, Garmo stavkyrkje, tidfesta til om lag 1200. Den einaste kyrkjebygningen i lafta tømmer som er teke vare på frå mellomalderen her i landet, Fiskarkapellet frå 1459, står òg her.

Byen, der det vert synt fram ei samling hus frå Lillehammer by frå tidleg 1800-tal fram til om lag 1920.

Boligfeltet, der det vert synt fram tidstypiske einebustader frå nesten alle tiåra av 1900-talet. Somme er typiske ferdighus, medan andre er spesialteikna av arkitektar. Byggestil, eksteriør og interiør, fargesetting osb. er tidsriktig for dei einskilde husa og dei hagane og gjerdene som omkransar dei. Attmed 1930-talshuset er det sett opp ein av dei klassiske raude telefonkioskane i stål som i si tid vart teikna av arkitekt Arne Korsmo, og i fleire tiår etterpå var velkjende innslag i norske byar og tettbygde strok.

Museumssoga[endre | endre wikiteksten]

Maihaugen har sitt opphav i tannlege Anders Sandvigs samlarverksemd, og reknar soga si frå 1887, då Sandvig gjorde dei første innkjøpa i Gudbrandsdalen og tok materialet med seg heim til bustaden sin på Lillehammer. I 1894 kjøpte Sandvig huset Lykrestova, som han sette opp i hagen sin, og etter kvart vart det fleire oppkjøp av gamle hus og gjenstandar. I 1904 hadde dette vorte til ei samling som Selskabet for Lillehammer Bys Vel overtok og flytta til eit område på Maihaugen, der det var høveleg terreng for plassering av hus, tun og heile bygningsmiljø, som til dømes ei setergrend. Her heldt Sandvig fram med oppbygginga av museet.

I 1946 overtok arkeologen Sigurd Grieg etter Sandvig. Han sytte for vidare utbygging av museet, mellom anna ved å få bygd ein branntrygg bygning med magasin, arbeidsrom og lokale for spesialsamlingar og for dei gamle verkstadane, og han fekk etablert eit aktivt forskingsmiljø ved å utvide staben. Etter at Fartein Valen-Sendstad overtok i 1964, vart verksemda meir vidtfemnande ved fleire utstillingar, og ved at det i 1967 vart reist ein kongressbygning.

Før Dei olympiske vinterleikane på Lillehammer i 1994 vart det gjort store byggearbeid under direktør Magne Velure, som hadde teke over som direktør i 1985. Hovudbygningen på Maihaugen vart omgjort til eit kulturhus for Lillehammer, med Maihaugsalen med over 700 seter, ballettsal, garderobar, kafé, større utstillingsareal og dessutan ein museumsbutikk. Olav Aaraas, som tok over som direktør fra 1994 til 2001, hadde ansvaret for oppbygginga av nye utstillingar til Olympiaden og for tilskipinga av 1900-talssamlinga på museet.

Postmuseet vart flytta frå Oslo til Maihaugen i 2003, og har faste og varierande utstillingar. Ei utstilling om soga til postvesenet finst i Postgarden i avdelinga Byen, ei jarnbanepostvogn står i toget ved jarnbanestasjonen i Byen, og det er utstillingar av frimerke som til dømes «Norske firmerker».

Ansvaret for museumsdrifta for heimen til Bjørnstjerne Bjørnson, Aulestad, fekk Maihaugen i 1935, i 2006 vart Norges Olympiske museum konsolidert med Maihaugen, og i 2008 vart heimen til Sigrid Undset, Bjerkebæk, opna for publikum med ein ny publikumsbygning. Norsk Handverksutvikling vart skipa 2001 ved at Handverksregisteret (skipa 1987) og Sekretariatet for små og verneverdige fag (skipa 1996) vart slege saman.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Maihaugen