Maisild
| Maisild | |
Maisild | |
| Status | |
| Status i verda: | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Actinopteri |
| Orden: | Sildefisk Clupeiformes |
| Familie: | Sildefamilien Clupeidae |
| Slekt: | Alosa |
| Art: | Maisild A. alosa |
| Vitskapleg namn | |
| Alosa alosa | |
Maisild (Alosa alosa) er ein anadrom sildefisk som lever vest i Middelhavet og i Atlanterhavet ved Europakysten. Arten skal visstnok smaka særs godt, men inneheldt mange bein. I norske farvatn førekjem han som ein sjeldan gjest.
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Maisilda er sølvglinsande med 1-6 svake flekkar på sidene. Kroppen er noko samantrykt, med bukfinnar om lag rett under ryggfinnen. Halefinnen er djupt kløfta. Arten vert ofte forveksla med stamsilda, men har mange fleire gjellestavar; 90-120 på den første gjellebogen. Skjela til fisken er lange og tynne.
Maisild kan bli opp til 83 cm lang og når ei vekt på 3-4 kg.
Levesett
[endre | endre wikiteksten]Maisilda er ein stimfisk som lever pelagisk i kystnære farvatn i saltvatn. Her lever dei av dyreplankton, særleg raudåte og kril.
I mai går stimen opp i elver for å gyta. Dette skjer om natta nær overflata, helst i sterk straum. Ei ho kan gyta mellom 50 000 og 600 000 rogn med ein diameter på 1-2 mm. Etter tre døger til ei veke klekkar den 7-12 mm lange yngelen, som vanlegvis heldt seg i elva i om lag eit år. I førstninga etter at dei har vandra ut lever dei helst i elvemunninga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Jonsson, Bror: «Sildefisker» i Norges dyr - Fiskene 1 Cappelen 1992
- FishBase