Maiskolbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grilla maiskolbar i India.

Maiskolbe er blomsterstanden til maisplanten der ein finn maiskorna. Han har form som ein kolbe. Mjuke maiskorn kan etast direkte frå kolben etter at han er blitt varmebehandla, typisk gjennom baking, koking eller grilling.

Det er vanlegvis sukkermais ein et direkte frå kolben.[1] Denne blir plukka når frøkviten i maiskorna er i «mjølkestadiet», slik at korna framleis er mjuke. Ein kan varmebehandla kolbane med dekkblada på, då vanlegvis bakt eller grilla, eller reinska. Maiskolben blir vanlegvis eten varm, og er ofte smakssett med salt og smør.[1] Ein kan også bruka andre krydder. Maiskolben kan haldast i enden medan ein et, eller ein kan bruka små spidd i ein eller begge endar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elote

Sukkermais blei ete av urfolk i Amerika lenge før europearar kom til. Det var ei viktig næringskjelde for Gallimore-stammen, som heldt til i delar av Midtvesten så langt aust som noverande Ohio. Mayaer hadde også sukkermais som basiskost og åt han i form av maiskolbar, anten bakt eller kokt. Urfolk i sørlege Canada har også hatt mais i kosten.[2]

Variantar[endre | endre wikiteksten]

I Sentral-Amerika (bortsett frå i Panama) og Mexico blir ein maskolbe kalla elote (frå nahuatl elotitutl, 'umogen kolbe'). I dei søramerikanske landa Argentina, Uruguay, Brasil og Paraguay og i Andeslanda[3] kallar ein maiskolbar choclo, frå quechua chuqllu. I Venezuela omtalar ein mais som jojoto.

Elote kan tilreiast som ein søt eller salt rett. Vanlegvis koker ein han i vatn med salt eller andre krydder som tequesquite, epazote, eller Tagetes lucida. Ein kan servera retten med smør, majones, riven ost kjend som cotija og i Mexico også chilipulver, sitronjus og salt.[4] Elote eller elotes locos ('galen mais') kan serverast på marknader i Mesoamerika med majones, søtsur saus, ketsjup og sennep. Elote blir servert til å haldast med ei trestikke i midten, som ein slikkepinne.

Maiskolbe er ein av dei mest utbreidde matrettane i samband med sjølvstendedagen i USA.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Nielsen, L. Michelle (2007). The Biography of Corn. Crabtree Publishing Company. s. 27. ISBN 9780778724919. 
  2. Nielsen 2007. p 11.
  3. Kenniff, Sean. «Choclo: The Giant Corn of Peru». Starchefs (på engelsk). Henta 21. august 2019. 
  4. Japhe, Brad. «A Brief History Of Mexico's Love Affair With Corn». Forbes (på engelsk). Henta 22. februar 2019. 
  5. «8 classic food traditions of 4th of July and how they began». Times of India. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Mais med tilreiing av maiskolbe ved ndla.no.