Maja Refsum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Maja Refsum Nygård-Nilssen, fødd Thea Marie Refsum, (23. september 189711. januar 1986) var ein norsk bilethoggar frå Oslo.

Refsum var dotter til ein garvarmeister i Kristiania/Oslo. Ho vart utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole under Lars Utne 1917-19, ved Statens kunstakademi under Gunnar Utsond 1919-20 og ved kunstakademiet i Weimar 1921-22.

Maja Refsum laga mellom anna statuen av Amalie Skram (1949) i Bergen og fleire altartavler, portrettbyster og større skulpturar i glassert keramikk. Keramikkfuguren Bruden pyntes finst i Nasjonalgalleriet. Ho var formann i Bildende Kunstnerinners Forbund 1938-46.

Refsum var frå 1928 gift med seinare riksantikvar Arne Nygård-Nilssen. Ho var mormor til Arne Berggren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]