Hopp til innhald

Majavatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om bygda. For innsjøen, sjå Majavatnet.
Majavatn
stad
Land  Noreg
Kart
Majavatnet
65°09′56″N 13°22′07″E / 65.165638888889°N 13.368611111111°E / 65.165638888889; 13.368611111111

Majavatn (sørsamisk Maajehjaevrie) er ei bygd i Grane kommune i Nordland. Staden ligg ved Store Majavatnet, like ved grensa til Nord-Trøndelag fylke. I Majavatn ligg Majavatn stasjon, og E 6 og Nordlandsbanen passerer gjennom staden.

Det vert drive sørsamisk reindrift i områda rundt Majavatn.

Under andre verdskrigen var det trefningar mellom tyskarar og norske motstandsfolk ved Tangen gård. Desse trefningane er seinare kjend som Majavatn-affæren. Ei minnestøtte er reist til minne over dei falne nordmennene under hendinga.