Hopp til innhald

Majavatn kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Majavatn kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Indre Helgeland
Sokn Grane
Fellesråd Grane
Teknikk tømra
Material tre
Innvigd 1915
Kyrkjegard nei
Sitjeplassar 80
Kart
Majavatn kyrkje
65°10′03″N 13°21′54″E / 65.16738°N 13.36505°E / 65.16738; 13.36505
Wikimedia Commons: Majavatn kirke

Majavatn kyrkje, tidlegare Majavatn kapell, var ei kyrkje i Grane kommune i Nordland fylke. Byggverket i tømmer vart oppført i 1915 og utvida med kor og tårn i 1924. Det hadde 80 sitjeplassar. Kyrkja vart bygd med hjelp frå Norsk Finnemisjon, og var lenge ein sentral stad for samemisjonens arbeid i det sørsamiske området. I 1980 overtok Grane kommune kyrkja, og samemisjonen stod for enkelte gudstenester i bygget. Kyrkja er avvigsla, og bygget inngår no i Sjeltie – Sørsamisk kulturpark.[1][2]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Majavatn kapell». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 187. ISBN 82-75-27022-7.
  1. Helgelandsguiden: Sjeltie – Samisk kulturpark
  2. Sjeltie samisk kulturpark (privat Facebook-gruppe)