Maji-maji-opprøret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Tysk Austafrika med område råka av opprøret merka i raudt.

Maji-maji-opprøret, også kalla maji-maji-krigen, var eit opprør mot det tyske kolonistyret i Tysk Austafrika som varte frå 1905 til 1907. Opprøret kom som respons mot tyske reglar som ville tvinga afrikanarar til å dyrka bomull for eksport.[1] Mellom 250 000 og 300 000 døydde som følgje av opprøret.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter kappløpet om Afrika blant europeiske stormakter på 1880-talet hadde Tyskland forsterka grepet sitt om fleire afrikanske koloniar. Desse koloniane var Tysk Austafrika (i dag Tanzania, Rwanda, Burundi og delar av Mosambik), Tysk Sørvest-Afrika (i dag Namibia), Kamerun og Togoland (i dag Ghana og Togo). Tyskarane hadde eit relativt svakt grep om Aust-Afrika, men hadde eit nettverk av fort i innlandet og utøvde eit visst nivå av kontroll over området. Den svake stillinga deira gjorde at dei nytta valdeleg undertrykking for å kontrollera folka i kolonien.[2]

Tyskarane kravde inn koppskatt i 1898, og nytta mykje tvangsarbeid for å bygga vegar og utføra andre prosjekt. I 1902 fekk alle landsbyane ordre om å dyrka bomull til eksport. Kvar landsby skulle produsera ein viss kvote.

Den tyske politikken var svært upopulær, ettersom han hadde stor innverknad på levesettet til innbyggjarane i kolonien. Samfunnet var i kraftig endring. Sidan menn blei tvinga vekk frå heimane sine for å arbeida, måtte kvinner ta på seg mange av dei tradisjonelle kjønnsrollene deira. At mennene var vekke gjorde også at folka i landsbyane hadde vanskar med å halda seg sjølvforsynte. I 1905 blei regionen truga av tørke. Alt dette, i tillegg til motstand mot jordbruks- og arbeidspolitikken til kolonistyret, førte til ope opprør mot tyskarane i juli det året.[3]

Opprørarane tydde til magi for å forsøka å driva ut tyskarane, og brukte det som ei sameinande kraft i opprøret. Kinjikitile Ngwale, ein åndemanar frå ei form for folkeislam med animismeinnslag, sa han var besett av ei slangeånd som heitte Hongo.[4] Ngwale byrja å kalla seg sjølv Bokero og utvikla ei tru der folka i Tysk Austafrika hadde fått i oppdrag å gjera slutt på tyskarane der. Tyske antropologar dokumenterte at han gav følgjarane sine krigsmedisin som skulle gjera kuler om til vatn. Denne medisinen var i røynda vatn (maji på swahili) blanda med lakserolje og hirsefrø.[4]

Opprøret blei slått ned av tyskarane, og etterfølgd av ein hungersnaud kjend som 'Den store svolten' (njaa). Denne hadde i stor grad årsak i den brente jord-taktikken til Gustav Adolf von Götzen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. John Iliffe (1967). «The Organization of the Maji Maji Rebellion». The Journal of African History (på engelsk) 8: 495–512. 
  2. Natermann, Diana Miryong (2018). Pursuing whiteness in the colonies : private memories from the Congo Free State and German East Africa (1884-1914). Münster: Waxmann Verlag. s. 59. ISBN 978-3-8309-3690-9. OCLC 1037008514. 
  3. Seel, Sarah-Jane (2014). The history and traditions of the Pimbwe. Mgawe, Peter,, Mulder, Monique Borgerhoff,, Pinda, Mizengo K. P. Dar Es Salaam, Tanzania: Mkuki na Nyota Publishers. s. 35. ISBN 978-9987-08-286-5. OCLC 903052545. 
  4. 4,0 4,1 Pakenham, Thomas (1992). The Scramble for Africa: White Man's Conquest of the Dark Continent from 1876 to 1912. HarperCollins. s. 616–621. ISBN 0380719991.