Musikkgruppa Majorstuen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Majorstuen (band))
Majorstuen
Sjangerfolkemusikk
PrisarHilmarprisen, Spellemannprisen i folkemusikk/gammeldans

Majorstuen er eit norsk folkemusikkensemble skipa i 2000.[1] Majorstuen består av fem felespelarar frå ulike kantar av landet. I tillegg til at alle spelar fele, spelar nokre av medlemmane cello,bratsj og oktavfele. Bandet spelar tradisjonell og eigenkomponert musikk med utgangspunkt i den norske folkemusikken, og dei legg til nyare rytmiske og riffbaserte element.

Ensemblet har gjeve ut fem album, og blitt nominert til Spellemannprisen for to av utgjevingane. For debutalbumet Majorstuen mottok det Spellemannprisen 2003 i klassa folkemusikk/gammaldans.[2] Ensemblet blei kåra til Årets folkemusikere 2005 av Rikskonsertene som dei fyrste vinnarane i eit nystarta INTRO-folk, eit lanseringsprogram for unge lovande folkemusikarar. Majorstuen fekk òg Hilmar Alexandersens Musikkpris det året.

Majorstuen har spelt på ei rekkje festivalar i Noreg og utlandet, og elles spelt konsertar i land som Canada, Aserbajdsjan, Israel, Frankrike, Slovenia, Storbritannia, Tsjekkia, Mexico og Danmark.[1]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare medlemmar

Eige platemerke[endre | endre wikiteksten]

Majorstuen Fiddlers Company (MFC) er Majorstuen sitt eige platemerke. Det blei skipa i 2004 ved utgjevinga av den andre plata til gruppa, Jorun jogga. Plateselskapet har sidan då gjeve ut platene Juledrøm, Skir og Live in Concert. Firmaet til gruppa Majorstuen har også same namn, Majorstuen Fiddlers Company AS.

Audun Strype var lydteknikar på utgjevinga Jorun jogga, og Jan Erik Kongshaug og Peer Espen Ursfjord frå Rainbow studio var lydteknikarar på Juledrøm og Skir. På Majorstuen – Live in Concert gjorde Herman Kvelprud opptaka mens Tor-Magne Hallibakken miksa og mastra. Einar Olav Larsen var produsent på dei tre siste platene. Trond Kverno var produsent på Jorun jogga og debutplata Majorstuen.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Majorstuen (2L, 2002)
  • Jorun jogga (Majorstuen Fiddlers Company, 2004)
  • Juledrøm (Majorstuen Fiddlers Company, 2006)
  • Skir (Majorstuen Fiddlers Company, 2010)
  • Les Boréales compilation (Buda Musique, 2012) – samlealbum
  • Live in Concert (Majorstuen Fiddlers Company, 2012) – konsertalbum
  • Kvitre (Majorstuen Fiddlers Company, 2015)
  • Skrible (Majorstuen Fiddlers Company, 2018)
  • Jubel (Majorstuen Fiddlers Company, 2020)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Kontorkonsert med Majorstuen». nrk.no. 15. november 2011. Henta 31. desember 2018. 
  2. «Disse vant Spellemann». ba.no. 28. februar 2004. Henta 31. desember 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]