Majungasaurus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Majungasaurus
Modell på utstilling i Royal Ontario Museum.
Modell på utstilling i Royal Ontario Museum.
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Orden: Saurischia
Familie: Abelisauridae
Slekt: Majungasaurus
Art: Majungasaurus M. crenatissimus
Vitskapleg namn
Majungasaurus crenatissimus

Majungasaurus, tidlegare kalla majungatholus, er ei utdøydd krypdyrslekt i ordenen saurischia, som levde på Madagaskar frå 70 til 66 millionar år sidan, på slutten av krittida. Slekta har fått namn etter Majunga-distriktet, der han vart funnen. Majungasaurus var ein rovdinosaur på to bein med ein kort snute og ein stor kul på toppen av hovudet. Han hadde òg fleire tenner både i øvre og nedre kjeve enn dei fleste nærliggande slekter. Av nær slekt finn ein carnotaurus i Argentina og indosaurus i India. Truleg oppstod gruppa i Sør-Amerika og vandra til Madagaskar og India via landbruer til og frå Antarktis, før kontinenta vart fråskilde i byrjinga av krittida.

Ein har funne fleire majungasaurusknoklar med bitemerke som passar perfekt med deira eigen tannstilling, noko som er eit døme på at dinosaurarten var kannibalar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]