Makadamianøtter
Utsjånad

Makadamianøtter eller macadamianøtter er oljerike frø frå to artar i den australske planteslekta Macadamia, Macadamia integrifolia og Macadamia tetraphylla. Nøttene kan etast rå eller rista. I Australia er dei også kjend som Queensland nuts. Makadamianøtter kan etast åleine, men blir også mykje brukt i baking og i lag med sjokolade.
Nøttene er den einaste innfødde matvara frå Australia som blir dyrka kommersielt i andre land.[1] Ein dyrker makadamianøtter i det opphavlege vekstområdet i nordaustlege Australia, men også i andre varme strøk, som Sør-Afrika, Kenya, Karibia, Brasil, Bolivia, USA og Israel.
- Eteklare nøtter
- Makadamia-terter
- Makadamiasjokolade
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Makadamianøtter (23. januar 2013), Store norske leksikon. Henta 16. desember 2013.
- Queensland Nuts (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 16. desember 2013.