Makadamisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bygging av dei første makadamiserte vegane i USA (1823). Måleri av Carl Rakeman.

Makadamisering er ein vegbyggingsmetode der ein bruker pukk (knust stein) til å byggja opp ein godt drenert veg med god bereevne. Metoden har namn etter John Loudon McAdam, som var sentral i utviklinga av prinsippet.

Opphavleg blei den grovaste pukksteinen lagt i to lag nedst, med finknust stein oppå som slitedekke. Dette blei kalla makadamisert veg. I moderne vegbygging bruker ein også knust stein i stor utstrekking i berande lag i overbygningen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]