Makassarsundet
Makassarsundet (indonesisk: Selat Makassar) er eit 710 kilometer langt og frå 120 til 300 km breitt sund mellom øyane Borneo og Sulawesi i Indonesia. I nord går sundet over i Sulawesihavet medan sundet i sør munnar ut i Javahavet. Største djupna i Makassarsundet er 2 458 meter. Sundet er ein del av Wallacelinja.
Hamnebyane Balikpapan på Borneo, samt Makassar og Palu i Sulawesi, ligg på høvesvis vestida og austsida av Makassarsundet. Makassarsundet er vanleg rute for havgåande fartøy som er for store til å passere gjennom Malakkasundet.
4. februar 1942 vart utkjempa eit stort sjøslag mellom Japans marine på den eine sida og Nederland og USA på den andre.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Makassar Strait» frå Wikipedia på engelsk, den 1. august 2013.