Hopp til innhald

Makrónisos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Makrónisos
Μακρόνησος
øy
Flyfoto av Makrónisos
Land  Hellas
Periferi Dei sørlege egeiske øyane
Periferieining Kéa-Kýthnos
Kommune Kéa
Del av Kykladane
Stad Egearhavet
Areal 20 km²
Folketal 6  (2021[1])
Kart
Makrónisos
37°42′N 24°07′E / 37.7°N 24.12°E / 37.7; 24.12
Wikimedia Commons: Makronisos

Makrónisos (gresk skrift Μακρόνησος) er ei øy i Hellas i Egearhavet. Øya ligg nær kysten til Attikí utanfor hamna Lávrio. Ho er 3 km lang frå nord til sør og om lag 500 meter brei frå aust til vest. Terrenget er tørt og steinete. I antikken vart øya kalla Helena.

Øya er ein del av kommunen Kéa, som høyrer til periferieininga Kéa-Kýthnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane, sjølv om Makrónisos tradisjonelt ikkje blir rekna til øygruppa Kykladane.

I dag bur det berre 6 på øya.[1] Frå den greske borgarkrigen til gjenopprettinga av demokratiet etter at det greske militærregimet braut saman, vart ho nytta som fengsel for greske kommunistar. Nokre fangar på Makrónisos var Apostolos Santas, Nikos Koundouros, Mikis Theodorakis, Leonidas Kyrkos og Thanasis Vengos. På grunn av historia si vert øya rekna som eit monument for borgarkrigsperioden, og ho er derfor verna for vidare utvikling.

Det var i sundet mellom Makrónisos og Kéa at HMHS «Britannic», søsterskipet til RMS «Titanic», sokk i 1916.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Makronisos» frå Wikipedia på engelsk, den 10. august 2007.
  • Hamilakis, Yannis, «The Other 'Parthenon': Antiquity and National Memory at Makronisos», Journal of Modern Greek Studies 20:2 (Okt 2002), s. 307-338.