Makran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sentrale Makran i Pakistan.

Makran ([mæk'rɑːn]) er ei kystripe sør i Iran og Pakistan. Ho er ein halvørken som går frå Persiabukta til Omanbukta.

Gwadar i Makran
Stranden i Gwadar med båtar.

Av kystlina på rundt 1000 km ligg rundt 750 km i Pakistan, i provinsane Sindh og Balutsjistan. Kyststripa er smal og går raskt over i fleire fjellkjeder. Klimaet er særs tørt. Makran er svært tynt folkesett, og dei fleste innbyggjarane bur i små hamnebyar som Chabahar, Gwatar, Jiwani, Gwadar, Pasni, Ormara og mindre fiskelandsbyar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]