Makrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Makrell


Status i Noreg: LC Livskraftig

Makrell
Makrell
Foto: Peter Rühr

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Infraklasse: Teleostei
Orden: Perciformes
Familie: Scombridae
Slekt: Scomber
Art: S. scombrus
Vitskapleg namn
Scomber scombrus

Makrell (Scomber scombrus) er ein pelagisk rovfisk som er vanleg i nordvestlege delar av Atlanterhavet og i Middelhavet. Han høyrer til mellom dei mest populære fiskane i Sør-Noreg, både som sportsfisk, mat og som eit teikn på sommar. Dei sym i stim og jagar i flokk.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Teikning av makrell frå 1893.

Makrellen er lett å kjenne att. Kroppen er kraftig og spoleforma med kvit buk og mørk rygg med blå og grøne fargeteikningar. Skjela er små og fell lett av, noko som gjer at fiskeskinnet kjennest særs mjukt.

Makrellen har to ryggfinnar og ein gattfinne som går parallelt med den bakste av ryggfinnane. Halefinnen er djupt kløfta med ti småfinnar ved halerota.

Det er observert makrell på opptil 70 cm, men dei fleste vert ikkje meir enn 40 cm og 700 g.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Makrellen lever i stim i dei øvre vasslaga om sommaren, djupare om vinteren. Dette kjem av at arten er relativt varmekjær. Han er ein rovfisk som hovudsakleg et småfisk og krepsdyr.

Gyteplassen er som regel i ope hav, og gytinga skjer over fleire døger. Ei stor makrellho kan gyta over ein million egg til saman. Egga flyt fritt i vassmassane og klekker etter fem-sju dagar. Larva er litt i underkant av 4 cm når ho klekker, og tek fort til å forsyna seg grådig av dyreplanktonet. Ein makrell kan bli over 20 år.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Det finst makrellbestandar i Middelhavet og langs atlanterhavskysten frå Nordvest-Afrika til Nord-Irland og Finnmark, og i sørenden av Austersjøen. Vest i Atlanterhavet finst fisken frå Kapp Hatteras i USA til Labrador i Canada. Makrellane i norske farvatn overvintrar som regel på 7 °C i Norskerenna utanfor Vestlandet, og trekk inn til kysten for å eta om sommaren. Dei første makrellane ein fangar i kystfisket er magre etter vinteren og dukkar som regel opp i april. Gytetida er i juni, og gytinga skjer som regel i Nordsjøen. Etter at denne er overstått dreg mange av fiskane til området rundt Shetland, der dei beitar i lag med fisk som gyter vest for Irland.

Makrellbestanden i Noreg er på 2,4 millionar tonn, over 7 milliardar fisk. Dette reknar ein med er mellom ein fjerdedel og halvparten av den europeiske makrellbestanden, og 5-25 % av all makrellen i verda. Dei siste tre generasjonane har den norske bestanden hatt ein nedgang på rundt 30 %.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Makrellfangst i Nova Scotia.

Mesteparten av den nord-europeiske makrellen som vert fiska kjem frå den irske bestanden. Fisket går føre seg om sommaren, og vert hovudsakleg gjort med snurpenot. Kystfiskarar nyttar òg garn og dorg. Makrell bit lett, og kan takast med agn, hekle, dorg med makrellblink og kastesluk.

I 1950-åra fiska ein totalt 60 000–110 000 tonn makrell i Nord-Europa, 10 000–15 000 tonn i norske farvatn. Fangsten steig til 1 millionar tonn årleg, i Noreg heile 868 000 tonn i 1967, etter innføringa av kraftblokk til snurpenota. I nordamerikanske farvatn tok utanlandske fiskefartøy oppimot 2,5 millionar tonn fisk i tidsrommet 1968 til 1977. Overfisket førte til nedgang i bestandane og innføring av fiskeavgrensingar, mellom anna kvoter. I 1999 vedtok EU, Noreg og Færøyane ein forvaltingsplan for nordsjøbestanden. I 2002 blei det fanga 369 000 tonn i Nordsjøen og Skagerrak, 162 000 tonn av norske fiskarar.

Makrell i tomat er eit ynda pålegg i skandinaviske land og på dei britiske øyane.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Makrell
Namn på andre språk
Svensk Makrill
Dansk Makrel
Engelsk Mackerel, Atlantic mackerel
Tysk Makrele
Fransk Maquereau, maquereau bleu
Spansk Caballa, macarela
Russisk Skumbrija (Скумбрия), makrel (макрель)
Kroatisk Skuša

Makrell er ein god matfisk, og kan etast på mange måtar, til dømes bakt, grilla, kokt, steikt, rå som sashimi, grava, røyka eller sylta. Hermetisert makrell, ofte i tomatsaus, vert brukt som pålegg i Skandinavia og Storbritannia.

I tidlegare tider trudde ein at makrellen åt menneskekadaver, men dette trur ein ikkje lenger er mogleg ut frå korleis kjevane og tennene er bygd opp. Lenge skydde mange makrell som mat og såg på han som urein. I ei britisk undersøking i 1976 hadde berre 10 % av spurde husmødrer nokon gong kjøpt makrell, og berre 3 % gjorde det til vanleg.

Medan vårmakrellen har lågt feittinnhald, kan han om hausten ha rundt 30 % feitt. Han er dermed ein god kjelde til omega 3-feittsyrer, D-vitamin og B12-vitamin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Makrell