Maksim Tarasov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maksim Tarasov
Verkeleg namn russisk skrift Максим Владимирович Тарасов
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 2. desember 1970 (53 år)
Jaroslavl
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Maksim Vladimirovitsj Tarasov (fødd 2. desember 1970) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Jaroslavl. Han deltok i stavhopp for Sovjetunionen og seinare Russland, og vart olympisk meister i 1992, europameister i 1998 og verdsmeister i 1999. Bestenoteringa hans er på 6,05 meter, berre verdsrekordhaldaren Serhij Bubka hoppa høgre før 2008.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tarasov tok bronsemedaljen under friidretts-VM 1991, der Bubka vann sitt tredje strake VM-gull. Året etter vart Tarasov olympisk meister i Barcelona. Både under VM 1993 og 1995, då Bubka tok nye VM-titlar låg Tarasov like under, med bronse i -93 og sølv i -95. I 1997-sesongen sette han personleg rekord då han svinga seg over 6 meter. Under VM 1997 i Aten gjekk han over 5,96 m og tok sølv, atter vart Bubka for dyktig med sine 6,01 m.

I 1998 vart Tarasov europameister i Budapest, i ei tevling utan dei store prestasjonane. Derimot imponerte han stort då han året etter svinga seg over 6,02 m under verdsmeisterskapen i Sevilla og tok ein klar siger. Elles i 1999 gjorde han sitt livs beste stavhopp då han persa med 6,05 m. Under OL 2000 avslutta han karrieren med å vinne si åttande medalje i ein av dei store meisterskapane; VM, OL og EM.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]