Maksimilian Volosjin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maksimilian Volosjin
Maximilan Voloshin.jpg
Fødd 16. mai 1877 (juliansk)
Kiev
Død

11. august 1932
Koktebel

Yrke kunstmålar, lyrikar, skribent, litteraturkritikar, omsetjar, essayist, journalist
Maksimilian Volosjin på Commons
Boris Kustodjev: Portrett av Maksimilian Volosjin, 1924

Maksimilian Aleksandrovitsj Kirijenko-Volosjin (russisk: Максимилиан Александрович Кириенко-Волошин) (28. mai 187711. august 1932) var ein framståande representant for den symbolistiske retninga i russisk kultur og litteratur. Han vart kjend som poet og kritikar av litteratur og kunst. Arbeida hans vart utgitt i samtidige tidsskrift tidleg på 1900-talet, mellom anna i «Vesy» (Vekta), «Zolotoje runo» (Det gylne ull) og «Apollon». Han var også kjend for sine briljante omsetjingar av fransk poesi og prosa til russisk.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Volosjin var fødd i Kiev i 1877. Han var elev i nokre få år ved Polivanov og ein skule på halvøya Krim, mor hans kjøpte i 1893 eit landstykke i Koktebel. Etter gymnaset vart Volosjin student ved universitetet i Moskva, nett då den radikale studentrørsla i Russland gjorde seg synleg att.

Volosjin reiste vide i Russland, ofte til fots. I 1900 var han del av ein ekspedisjon som kartla ruta til Orenburg-Tasjkent-jarnbanen.

Seinare i livet måla han akvarellar. Mange av kunstverka er i dag spreidd til mange museum verda rundt. Andre finst i private samlingar i Russland og andre land.

Småbyen Koktebel søraust på Krimhalvøya der Volosjin budde, var til stor inspirasjon for han. I heimen sin tok Volosjin imot tallause poetar, kunstnarar, skodespelarar, vitskapsmenn og vandrarar. Heimen er i dag omgjort til museum. Berget der Volosjin vart gravlagd, fekk seinare namnet etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]