Malabarkysten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Malabarkysten i India.
Kysten ved festninga Bekal i Kerala.

Malabarkysten (eller Malankara) er den sørvestlige kystlinja i India. Landskapet består av den lange og smale kystsletta til delstatane Karnataka og Kerala mellom dei vestlege Ghatfjella og Arabiahavet. Kysten strekkjer seg frå sør for Goa (eller, avhengig av definisjonen, frå Konkan) til Kanyakumari (kapp Comorin) i den sørlege enden av India.[1]

Klimatisk består kysten av den våtaste regionen i sørlege India, sidan dei vestlege fjellkjedene fangar opp monsunregnet. Ein dyrker ris og krydder i elveslettene som blir vatna av regnet og elvar frå Ghatfjella. Ei samanhengjande sandstripe der det veks kokospalmar følgjer kysten. Parallelt med kystlina ligg mange lagunar som er bundne saman med kanalar og utgjr viktige transportårer for småbåtar. Fiske er ein annan viktig næringsveg langs Malabarkysten.[1]

Malabarkysten har ei rekkje historiske hamnebyar. Dei best kjende er Kozhikode (Calicut), som i dag den tredje største byen i delstaten Kerala, Kochi (Cochin) og Kollam, som tente som senter for handel i Indiahavet i fleire hundreår. Oddeway Torre-busetjinga var ein del av dansk eigedommar i åra 1696–1722 (sjå Det danske austindiakompaniet). 

På grunn av plasseringa ved havet og omfattande skipshandel har byane på Malabarkysten eit utprega kosmopolitisk preg. Dei har vore tilhaldsstad for dei første gruppene av kristne (sjå tomaskristne), jødar (sjå cochin-jødar) og muslimar i India.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Malabar Coast», Encyclopædia Britannica
  2. The Clash of Cultures in Malabar : Encounters, Conflict and Interaction with European Culture, 1498-1947 Korean Minjok Leadership Academy, Myeong, Do Hyeong, Term Paper, AP World History Class, July 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]