Malagarasi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malagarasi
elv
Land  Burundi,  Tanzania
Kart
Malagarasi
5°15′23″S 29°48′06″E / 5.25643535°S 29.80178833°E / -5.25643535; 29.80178833
Wikimedia Commons: Malagarasi River

Malagarasi er ei elv i vestlege Tanzania som renn gjennom Kigoma-regionen. Ei av sideelvane henna kjem frå Søraust-Burundi. Dette er den nest lengste elva i Tanzania etter Rufiji-Store Ruaha, og har det største vasskiljet i ei elv som renn ut i Tanganyikasjøen.[1] Malagarasi-Muyovozi Wetlands er ein Ramsar-stad. Lokale folk kallar Malagarasi 'elva med vonde ånder'.

Malagarasi er 475 km lang.[2][3] Kjelda til elva ligg nær grensa mellom Tanzania og Burundi,[1] og dei fyrste 80 km av elva danna grensa mellom dei to landa. Fleire sideelver frå Burundi-høglandet sluttar seg til den høgre breidda hennar. Etter samløpet med Lumpungu-elva kjem Malagarasi inn i Tanzania, formar ein sirkel og munnar ut på austsida av Tanganyikasjøen omtrent 40 km sør for Kigoma, nær Ilagala.[4] Malagarasi er ei av dei viktigaste vasskjeldene til sjøen.

Viktige sideelver er Ugalla og Moyowosi.[5]

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Treartar i Malagarasi-bekkenet er mellom anna Albizia gummifera, Bridelia micrantha, papyrusplante (Cyperus papyrus), Diospyros mespiliformis, morbærfiken (Ficus sycomorus), Ficus verruculosa, Isoberlinia spp., Khaya senegalensis, Parkia filicoidea, Phoenix reclinata, Syzygium cordatum og Syzygium owariense.[6] Viktige gras i elvedalen er artar av Hyparrhenia, Themeda og Echinochloa.[7]

Malagarasi-sardin (Mesobola spinifer) er endemisk i elva.[8] Elva inneheld fleire fiskeartar som finst i Kongoelvbassenget men ikkje i Tanganyika.[6] Den store ferskvass-kulefisken mbu (Tetraodon mbu)) finst derimot både i det sentrale og øvre Kongobassenget, Tanganyikasjøen og i Malagarasi.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Shick, Kate and Flaccus, Kathy. «Malagarasi River Delta Sedimentology: Evidence of Lake Level Changes in Lake Tanganyika» (PDF). Geology Department of the University of Arizona. Henta 30 May 2012. 
  2. Kisangani, Emizet F.; Bobb, F. Scott (2010). Historical Dictionary of the Democratic Republic of the Congo. Scarecrow Press. s. 299. ISBN 978-0-8108-5761-2. Henta 30. mai 2012. 
  3. Elf-Aquitaine (Company) (1992). Bulletin des centres de recherches exploration-production Elf-Aquitaine. Société nationale Elf-Aquitaine (Production). Henta 30. mai 2012. 
  4. Maps (Map). Google Maps. 
  5. «Malagarasi - Moyowosi», www.feow.org, henta 9. august 2021 
  6. 6,0 6,1 Hughes, R. H.; Hughes, J. S. (1992). A Directory of African Wetlands. IUCN. s. 244–. ISBN 978-2-88032-949-5. Henta 28 May 2012. 
  7. Tanzania Society (1980). Tanzania notes and records. Tanzania Society. s. 96–100. Henta 30. mai 2012. 
  8. Seegers, L. (November 15, 2011). «Mesobola spinifer (Bailey & Matthes, 1971) Malagarasi sardine». FishBase. Henta 29 May 2012. 
  9. Davies, Bryan Robert (31 July 1986). The Ecology of River Systems. Springer. s. 218. ISBN 978-90-6193-540-7. Henta 30 May 2012.