Malakhra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Malakhra (urduskrift ملاكهرا ) eller malakhro (sindhiskrift ملاکڙو) er ei sørasiatisk form for bryting som særleg er knytt til Sindh og sindhiar i India og Pakistan.

Brytarane (malhoo) bind eit reip rundt livet på kvarandre før ein kamp. Deretter held dei fast i reipet og prøver å kasta den andre i bakken. Det er ikkje lov å dra motstandaren ned med anna enn reipet. Brytarane har elles på seg eit lendeklede kalla sandhra.

Ein kamp tar som regel mindre enn eit minutt. Kampar blir gjerne haldne på fredagar eller ved høgtider, marknader og festivalar. Malhooar og malakhrokampar blir gjerne støtta av rike føydalherrar eller andre mektige personar i lokalsamfunnet. I samband med kampar har brytarane også hjelparar som sikrer god kontroll over reipet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]