Malakkasundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Malakkasundet
sund
Strait of Malacca (36759635615).jpg
Malakkasundet mellom Malakkahalvøya i nord og øya Sumatra i sør
Malakkasundet mellom Malakkahalvøya i nord og øya Sumatra i sør
Wikimedia Commons: Strait of Malacca

Malakkasundet er eit smalt havområde i Indiahavet som ligg mellom øya Sumatra i sør og Malayahalvøya i Søraust-Asia. Sundet grensar til landa Indonesia i sør, og Malaysia og Singapore i nord. Det strekker seg aust-vest og er 800 km langt. Det meste av sundet er mellom 50 og 300 km breitt,[1] på det smalaste er det berre 2,5 km breitt. Sundet munnar i aust ut i eit randhav til Stillehavet.

Malakkasundet i høve til ulike land og øyar.

Malakkasundet er verdas mest trafikkerte farvatn med ca. 50 000 skipspasseringar i året. Transporten gjennom sundet utgjer nær ein ¼-part av den totale utanrikshandelen i verda. Perioden 1995-2005 var sjørøveri til stor plage for skipstrafikken, med opptil over 200 årlege kapringar. Sidan har kyststatane i området forsterka patruljeringa av sundet, og sjørøveriet har minka mykje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Malakkasundet» i Store norske leksikon, snl.no.