Malangsfjorden

Koordinatar: 69°27′30.661″N 18°24′7.5600″E / 69.45851694°N 18.402100000°E / 69.45851694; 18.402100000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Malangen)
«Malangen» omdirigerer hit. For den tidlegare kommunen, sjå Malangen kommune.
Malangsfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommunar Tromsø, Målselv, Senja, Balsfjord
Del av Norskehavet
Kart
Malangsfjorden
69°25′02″N 18°25′38″E / 69.4171°N 18.4273°E / 69.4171; 18.4273
Wikimedia Commons: Malangen

Malangen eller Malangsfjorden er ein fjord mellom Senja og Kvaløya i Troms som strekkjer seg 59 km søraustover til kommunane Balsfjord og Målselv. Dei ytre delane av fjorden høyrer til kommunane Senja og Tromsø.

Fjorden har innløp mellom Hekkingen fyr i vest og Edøya i aust. Senja ligg på vestsida av fjorden og Kvaløya på austsida. På Senja har Malangen to fjordarmar, Stønnesbotnen og Lysebotn. Mellom Senja og fastlandet går Gisundet sørover til Finnfjorden. På Kvaløya er det ingen fjordarmar, men på sørsida av Kvaløya går Straumsfjorden austover til Balsfjorden rett sør for Tromsø. Sør for Kvaløya skjer Malangen seg vidare sørover og inn i fastlandet. Rossfjorden er ein liten fjordarm på vestsida og litt lenger sør deler Malangen seg i tre. Lengst vest ligg Målselvfjorden, i midten ligg Aursfjorden og lengst aust ligg Nordfjorden. Nordfjorden er den lengste av dei tre og går inn til Nordfjordbotn.

Av busetnader ved sjølve Malangen, utanom fjordarmane, finn ein Brennsholmen, Buvik og Bakkejord på Kavløya. Tennskjer og Aglapsvik er to bygder i Lenvik på fastlandet. Innover i Malangen ligg grendene Grønjord og Målsjord, samt bygda Sultindvik på vestsida av fjorden, medan Mortenhals og Sand ligg på austsida i Balsfjord.

Frå Brensholmen går det ferje over fjorden til Botnhamn i Stønnesbotn.

Målselvfjorden med Malangen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Malangsfjorden

69°27′30.661″N 18°24′7.5600″E / 69.45851694°N 18.402100000°E / 69.45851694; 18.402100000