Malangshalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 69°25′N 18°50′E Malangshalvøya er ei halvøy i Balsfjord og Tromsø kommunar i Troms og Finnmark. Ho vert avgrensa i aust av Balsfjorden, i vest av Malangsfjorden og i nord av Straumsfjorden. Halvøya er rundt 30 kilometer lang og opptil 15 km brei. Dei sentrale dela av halvøya vert dominert av fjell på over 1000 moh, derav det største er den 1168 meter høge Bentsjordtinden. Det er busetnad ved fjordsidene langs stort sett heile halvøya. Langs vest- og nordsida av Malangshalvøya går Fv286, medan Fylkesveg 858 følgjer austsida til han kryssar over til vestsida ved Malangseidet.