Malayalam-skrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Foto frå Athirappilly i Kerala med statue av Gandhi og malaylamamskrift på skilt og på muren.
Skulejenter og lærar med malayalamskrift på ei tavle og i sanden. Foto frå Mangalore i 1902.

Malayalamskrift (മലയാളലിപി, malayāḷalipi, mɐləjaːɭɐ lɪβɪ) er ei brahmisk skrift brukt til å skriva det sørindiske språket malayalam, hovudspråket i delstaten Kerala.[1] Som mange andre indiske skriftsystem er det ein abugida, ei skrift som er delvis alfabetisk og delvis stavingsbasert.

Moderne malayalamskrift har 13 vokalteikn, 36 konsonantteikn og nokre andre symbol. Skrifta blir også brukt til å skriva mindre språk som paniya, betta kurumba og ravula.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lewis, M. Paul, ed (2009). «Malayalam». Ethnologue: Languages of the World (16th ed.). SIL International. http://www.ethnologue.com/show_language.asp?code=mal. Henta 2009-10-31. 
  2. Ethnologue (16th ed.): "Paniya", "Kurumba, Betta", and "Ravula".

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Malayalam-skrift