Malaysia Airlines Flight 17

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flyet 9M-MRD som seinare krasja i Ukraina. Her fotografert i oktober 2011.

Malaysia Airlines Flight 17 (MH17/MAS17) var ei internasjonal passasjerflyging frå Amsterdam til Kuala Lumpur. Flyet krasja 17. juli 2014 etter å ha blitt skote ned over Aust-Ukraina. Alle dei 298 om bord - 283 passasjerane og 15 tilsette - døydde.[1][2]

Ulukka var den dødelegaste Malaysia Airlines hadde hatt nokon gong, og den andre store ulukka flyselskapet hadde hatt i 2014. Tidlegare det same året hadde Malaysia Airlines Flight 370 forsvunne over Indiahavet.

Hendingsforløp[endre | endre wikiteksten]

Flyet mista kontakt med omverda om lag 50 km over grensa mellom Russland og Ukraina, og krasja nær Torez i Donetsk oblast, om lag 40 km frå grensa.[3] Hendinga fann stad under eit slag om Sjakhtarsk rajon, ein del av krigen i Donbass, i eit område under kontroll av den russiskorienterte folkemilitsen i Donbass.[4] I følgje amerikanske og tyske etterretningskjelder blei flyet skote ned av russisk-vennlege separatistar med eit Buk-missil frå territorium kontrollert av dei.[5][6] Dei russiske styresmaktene la skulda på Ukraina.[7]

Gransking[endre | endre wikiteksten]

Det nederlandske Undersøkingsrådet for tryggleik (Onderzoeksraad Voor Veiligheid) byrja ei gransking av hendinga som kom med ein midlertidig 9. september 2014. Den endelege rapporten vart presentert den 13. oktober 2015. Denne rapporten konkluderte med at flyet vart skote ned av eit 9K37 Buk-missil frå ein posisjon i det austlege Ukraina. Nesten eitt år seinare, den 28. september 2016, vart ein ny rapport presentert som presiserte at eit missil av typen 9M38M1 med stridshovud 9N314-M frå luftvernsystemet 9K37 Buk hadde øydelagt flyet i lufta frå ein posisjon nær byen Pervomajskij, som då var kontrollert av pro-russiske separatistar.[8] Russland hadde i september 2016 frigjeve nokre radarbilete for det interessante tidsromet, medan Ukraina hevdar dei ikkje har slike radarbilete frå den aktuelle tida.[9]

Kriminell straffeforfylging i Nederland[endre | endre wikiteksten]

Utanriksministeren i Nederland sa 5. juli 2017 at dei landa som hadde passasjerar ombord i flyet under nedskytinga ville stemne alle identifiserte mistenkte for ugjerninga for retten i Nederland - skulda for kriminell verksemd under nederlandsk lov.[10] Ein bilateral avtale om dette mellom Ukraina og Nederland vart underskriven den 7. juli 2017 av justisministerane Pavlo Petrenko og Stef Blok.[11][12] Mot slutten av 2017, meir enn tre år etter hendinga, var framleis ingen enkeltperson eller identifisert gruppe skulda for ugjerninga i rettsleg forstand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Report: MH17 hit by burst of 'high-energy objects' from outside». CNN. 9 September 2014. Henta 25 September 2014. 
  2. «Dutch foreign minister: Final report on causes of MH17 crash could be published next summer». Kyiv Post (Ukraina). Interfax-Ukraine. 20. september 2014. Henta 23. september 2014. 
  3. Alexander, Harriet (17 July 2014). «Malaysia Airlines plane crashes on Ukraine-Russia border – live». The Daily Telegraph. Arkivert frå originalen 18 July 2014. Henta 17 July 2014. 
  4. Higgins, Andrew; Clark, Nicola (9. september 2014). «Malaysian Jet Over Ukraine Was Downed by ‘High-Energy Objects,’ Dutch Investigators Say». The New York Times. 
  5. «U.S. officials believe attack against Malaysian plane was mistake». Los Angeles Times. 22 July 2014. 
  6. «Germany’s intel agency states MH17 downed by Ukraine militia – report». RT. 19 October 2014.
  7. Greg Miller (22 July 2014), U.S. discloses intelligence on downing of Malaysian jet The Washington Post
  8. http://www.independent.co.uk/news/world/europe/mh17-russia-ukraine-rebels-responsible-downing-malaysia-airlines-plane-prosecution-charges-vladimir-a7334246.html
  9. http://www.aljazeera.com/indepth/features/2017/07/years-mh17-crash-east-ukraine-warzone-170716065152686.html
  10. «Statement by the minister of Foreign Affairs on MH17, 5 July 2017». Government of the Kingdom of the Netherlands. Ministry of Foreign Affairs. 7 July 2017. 
  11. «JIT-landen kiezen Nederland voor vervolging neerhalen MH17». Government of the Kingdom of the Netherlands (på nederlandsk). Ministry of Security and Justice. 7 July 2017. 
  12. https://www.government.nl/latest/news/2017/07/07/minister-of-security-and-justice-signs-mh17-treaty-with-ukraine