Malaysia Airlines Flight 370

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Det sakna flyet, 9M-MRO, fotografert i 2003.
Den kjende flygeruta til Flight 370, basert på sivil og militær radar.

Malaysia Airlines Flight 370 (MH370/MAS370) var ei internasjonal passasjerflyging frå Kuala Lumpur i Malaysia til Beijing i Kina som forsvann den 8. mars 2014 over Sørkinahavet. Skjebnen til flyet er blitt verande ukjend.

Flyet var ein Boeing 777-200ER som tilhøyrte Malaysia Airlines. Det hadde til saman 239 menneske ombord; 227 passasjerar og 12 tilsette.[1] Flyet hadde sin siste kontakt med flygekontrollen i Malaysia under ein time etter at det letta, og forsvann frå radaren deira 01:20 MYT (17:21 UTC).[2][3] Det forsvann ut av radarområdet til den malaysiske marinen klokka 02:15 MYT, då det hadde bytta kurs og flaug over Andamanhavet.[4] Verken mannskapet eller kommunikasjonssystemet til flyet sende ut noko naudsignal, rapportar om uvêr eller tekniske problem før flyet forsvann.[5]

Leiting etter flyet byrja i Thailand-bukta og Sørkinahavet, men blei snart utvida til Malakkasundet og Andamanhavet.[6][7][8] Analysar av satellittkommunikasjon slo fast at flyet truleg ende ein stad sør i Indiahavet.[9][10][11] Australia tok over leiinga av søket, og ei undersøking av havbotnen byrja i oktober 2014.[12][13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Saturday, March 08, 10:30 AM MYT +0800 Malaysia Airlines MH370 Flight Incident – 3rd Media Statement». Malaysia Airlines. "3rd Media Statement". Henta 2 April 2014. 
  2. «Saturday, March 08, 04:20 PM MYT +0800 Media Statement – MH370 Incident released at 4.20pm». Malaysia Airlines. "March 08, 04:20 PM MYT". Henta 8 March 2014. 
  3. «Saturday, March 08, 09:05 AM MYT +0800 Malaysia Airlines MH370 Flight Incident – 2nd Media Statement». Malaysia Airlines. "2nd Media Statement". Arkivert frå originalen den 8 March 2014. 
  4. «Radar data shows MH370 flew erratically, NYT reports». Malay Mail Online. 15 March 2014. Henta 18 December 2014. 
  5. «No MH370 Distress Call, Search Area Widened». Aviation Week & Space Technology. 12 March 2014. 
  6. Buncombe, Andrew; Withnall, Adam (10 March 2014). "Malaysia Airlines Flight MH370: Oil slicks in South China Sea ‘not from missing jet’, officials say". The Independent.
  7. Grudgings, Stuart. «Malaysia Airlines plane crashes in South China Sea with 239 people aboard: report». Henta 8 March 2014. 
  8. Tasnim Lokman (9 March 2014). «MISSING MH370: Indonesia helps in search for airliner». New Straits Times. Henta 9 March 2014. 
  9. «Malaysia Airlines flight MH370: Distraught families told by text message to assume 'beyond doubt no one survived'». The Independent. 24 March 2014. Henta 25 March 2014. 
  10. Thomas Fuller; Chris Buckley (24 March 2014). «Malaysian Leader Says Flight 370 Ended in Indian Ocean». The New York Times. 
  11. «Flight MH370 'crashed in south Indian Ocean' – Malaysia PM» (text, images & videos). BBC News. 24 March 2014. Henta 8 May 2014. 
  12. «Transcript of Press Conference, 28 August 2014». jacc.gov.au. JACC. Henta 14 December 2014. 
  13. «Search for MH370». jacc.gov.au. JACC. Henta 14 December 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Malaysia Airlines Flight 370