Malcolm McNab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Malcolm Boyd McNab
Fødd25. mars 1943 (78 år)
FødestadCleveland i Ohio
OpphavLos Angeles, California
Aktiv1963 til i dag
InstrumentTrompet, pikkolotrompet
Tilknytte artistarFrilansar
PlateselskapKinnell House Records
Verka somTrompetist, studiomusikar

Malcolm Boyd McNab (fødd 25. mars 1943) er ein amerikansk trompetist frå Los Angeles som har spelt som studiomusikar på nesten 2000 film- og fjernsynsinnspelingar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

McNab byrja å arbeide som studiomusikarar då han var ferdig med studiane og sptel med mange forskjellige orkester. Sidan 1970 spelte han klassisk musikk med orkester som Los Angeles Philharmonic Orchestra, Los Angeles Chamber Orchestra og New York City Opera.

Han spelte òg mykje med pop- og rockeartistar, som Dionne Warwick, Peggy Lee, Chicago og The Carpenters, og mindre kjende artistar som Van Dyke Parks. Han spelte òg med Frank Zappa, som albuma Joe's Garage, Studio Tan, Imaginary Diseases og The Grand Wazoo (som Malcolm McNabb).

Han spelte på album av jazzmusikarar som Les McCann, og frå 1975 til bandet vart oppløyst spelte han i den eksperimentelle gruppa Abnuceals Emuukha Electric Symphony Orchestra.

Film- og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Det er i musikken til film og fjernsyn McNab verkeleg ha bidrege. Han har spelt på musikken til mellom anna Star Trek: Deep Space Nine, Dr. Quinn, Medicine Woman, Highway to Heaven, E.T. the Extra-Terrestrial, Jaws, Scrooged, Cocoon: The Return, Coming to America, Indiana Jones, Star Trek, The Package, The Karate Kid III, The Little Mermaid, Field of Dreams, Glory, The War of the Roses, Always, Hard to Kill, Nightbreed, Pretty Woman, Hoffa, The Edge, Soldier, Dick Tracy, Home Alone, Edward Scissorhands, The Bonfire of the Vanities, Misery, Hook, Beauty and the Beast, Final Analysis, The Rocketeer, Sleepwalkers, Robin Hood: Prince of Thieves, The Chronicles of Narnia: The Lion, the Witch and the Wardrobe, Jurassic Park, Wyatt Earp, Outbreak, First Knight, Small Soldiers, Far and Away, Dinosaur, The Nightmare Before Christmas, Batman Returns, Batman Forever, Peter Pan, Atlantis: The Lost Empire, National Treasure, Treasure Planet, The Simpsons Movie, Spaceballs, Aliens vs. Predator: Requiem, Timeline, Spider-Man, Under Siege 2: Dark Territory, Meet the Robinsons, The Patriot, Waterworld, Serenity, The Net, My Fellow Americans, Space Jam, Toy Story, James and the Giant fersken, A Bug's Life, Monsters, Inc., The First Wives Club, Mars Attacks!, 101 Dalmatians, Dante's Peak, Liar Liar, Cats & Dogs, Mulan, The Matrix, Planet of the Apes, War of the Worlds, Godzilla, Starship Troopers, The Polar Express, The Wild, The Lost World, The Shadow, Men in Black, Leatherheads, Minority Report, The Pursuit of Happyness, Speed 2: Cruise Control, Batman & Robin, My Best Friend's Wedding, Hercules, Mission: Impossible, Van Helsing, Firewall, Signs, Dreamcatcher, Meet Dave, Monster House, The Sixth Sense, The Sum of All Fears, Transformers, Pirates of the Caribbean, Hulk, G.I. Joe: The Rise of Cobra, A Christmas Carol, Lady in the Water, The Happening og WALL-E.

Solotrompeten hans kan høyrast på musikk til filmar som Dances with Wolves, The Gambler, Avalon, Crimson Tide, City Hall, In Country, Twister, Executive Decision, Independence Day, Con Air, Rudy, The Last Castle, Air Force One, The Postman, Cars, I Am Legend, U.S. Marshals, The Interpreter, Renaissance Man, Toys, Darkman, Maverick, Night at the Museum og L.A. Confidential.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]