Malcolm Mooney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malcolm Mooney
Fødd20. hundreåret
FødestadUSA
OpphavUSA
Sjangerrock
Instrumentsong
Tilknytte artistarCan, Tenth Planet
Verka sommusikar

Malcolm Mooney er ein amerikansk songar, diktar og kunstnar, truleg mest kjend som den første vokalisten for det tyske krautrockbandet Can.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Mooney starta å synge på high school og var medlem av ei acappella-vokalgruppe kalla Six Fifths.[1] Han vart kjend som bilethoggar i New York, før han flytta til Tyskland, der han vart ven med Irmin Schmidt ig Holger Czukay, som var i gang med å starte eit band. Mooney vart med som solovokalist. Bandet vart opphavleg kalla Inner Space, men Mooney kom opp med The Can, som seinare vart korta ned til berre Can.[1]

Dei spelte inn eit album, opphavleg kalla Prepared To Meet Thy Pnoom, men det var ingen plateselskap som ville gje det ut.[2] Can byrja på eit nytt album, som var debutplata deira, Monster Movie. Albumet gjorde det bra i det tyske undergrunnsmiljøet på den tida og kombinerte ein Velvet Underground-påverka rock med Mooney si blanding av paranoide skråling og James Brown-aktig vokal funk. Prepared To Meet Thy Pnoom kom ut i 1981 som samlealbumet Delay 1968, og forskjellige andre songar som Mooney spelte inn med bandet i denne periodne kom ut på Soundtracks og samlinga Unlimited Edition.

Mooney slutta i Can i 1970 etter råd frå psykiateren sin og reiste attende til USA[1][3] sidan ein meinte dette var bra for den mentale helsa hans.

Han vart med Can att i 1986 for å spele inn albumet Rite Time. Han har òg gjeve ut to album med San Francisco-bandet Tenth Planet. På det første albumet av desse spelte dei inn ein ny versjon av songen «Father Cannot Yell» frå Monster Movie.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Malcolm Mooney er med på følgjande album:

med Can:

Med Tenth Planet:

  • Malcolm Mooney and the Tenth Planet (1998)
  • Hysterica (2006)

Med Andy Votel:

  • All Ten Fingers (2002)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Allmusic
  2. Holger Czukay's Short History of the Can
  3. Holger Czukay's official site, arkivert frå originalen 21. september 2013, henta 6. mars 2013 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]