Maldiskusjon:Ølspire

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Interessant kategori, men han blir ikkje litt vel smal, då? Eg føreslår flytting til «drikkespire» eller noko slikt, så kan han òg brukast for drikkekultur og andre drikkar òg. -- Ranveig 31. okt. 2005 kl. 11:26 (UTC)

Tenkte litt på det same. Men no ser det no ut til at det blir grundig med oppfylling der. (ølfyll? hmmm... Hørest ikkje så bra ut...! ;-) ) Eg heller vel mot det synet at om ein slik kategori kan få dei ølglade til å opne kranene for nytt innhald, så er det prisverdig. (Sjølv om eg personleg føretrekk ananasbrus, ingefær«øl» og eit kanskje eit halvt glas brekksøt raudvin (gjerne Málaga eller eittårslagra Rioja (med bacalao, sjølvsagt) i ny og ne.) -- Olve 31. okt. 2005 kl. 11:34 (UTC)
Jaudå, smalt er det! - Men dei ølglade er som kjent ølglade, og eg håpar å fange opp nokre særinteresser med det her ;-) Eg veit diverre ikkje so mykje om øl (utanom konsumering, utan at eg skal gå meir inn på det her), men eg har lyst til å lære, og difor set eg opp ein håpefull kategori. Kan bli bra, kan bli dårleg, men det skal ikkje so veldig mykje til å få fylt opp den her kategorien med spirer! Finnes eit utal av øltypar i verda som det er heilt umogeleg å kjenne skilnad på smak på om ein ikkje er smått schizofren... :-) / Kurtber|Ordskifte 31. okt. 2005 kl. 12:07 (UTC)
Men spirekategorien «øl» fangar berre opp ølinteresserte. Ein vidare kategori ville (kanskje) kunne oppmuntra dei som liker vin, brus, jogurtdrikkar, drikkeviser, te eller kaffi. Skal kvar og ein av slike særinteresser ha ein eigen spirekategori blir det lett til ein jungel (forvaksen skog ingen tek seg av) eller ørken (tom kategori utan livsmeining). -- Ranveig 31. okt. 2005 kl. 12:16 (UTC)
Kan vera noko i det òg, ja. Men ølle monnar dreg...! ;-) Og det er no ikkje sikkert at alle ølsortar treng meir enn to liner kvar...(?) Olve 31. okt. 2005 kl. 12:27 (UTC)
Heilt greitt for meg å endre til "drikkespirer" e.l., men merk at alle "ølspirer" hamnar i den vanlege spirekategorien òg! - So dei vert ikkje vekkgøymde. / Kurtber|Ordskifte 31. okt. 2005 kl. 12:34 (UTC)
Ja, i og med at dei hamnar i vanlege «spirer/månad»-kategorien OG at ølspirekategorien er synleg frå matspirekategorien, synest vel ikkje eg heller dette er så farleg. -- Olve 31. okt. 2005 kl. 12:50 (UTC)
Nei, farleg er det såvisst ikkje (når ein ser vekk frå ovdrykkje). Eg er vel mest imot å ha ei mengd tilfeldige småkategoriar medan større emne blir gløymde. Kva med å leggja ølspirene inn i ein kategori:drikkespirer òg? Så blir dén fyld opp, samstundes som den som bare vil ha øl kan gå og sjå i ølspirene. -- Ranveig 31. okt. 2005 kl. 13:05 (UTC)
Lurt, ja. :-) I alle fall om du meiner at ølspirene blir ein underkategori heller enn direkte trippelkategorisert. Så blir det kanskje vinspirer etter kvart òg om nokon kjenner seg kalla. Men neppe lassispirer. Eller...? ;-) Olve 31. okt. 2005 kl. 13:17 (UTC)
Skål for det :-) / Kurtber|Ordskifte 31. okt. 2005 kl. 13:20 (UTC)
No har eg gjort det slik at ølspirene (om dei blir lagra på nytt) vil dukka opp både i kategori:ølspirer og kategori:drikkespirer. Blir det feil? -- Ranveig (som ikkje trur lassivenner treng eigen kategori for den drikken) 31. okt. 2005 kl. 13:25 (UTC)
Men trippelspirekategorisering hørest da ut som det kan bli mykje søl...? Den som klikkar på drikkespirekategorien vil likevel finne underkategorien ølspirer om kategoriane er rett oppsette. -- Olve 31. okt. 2005 kl. 13:37 (UTC)
Ja, eg registrerte ikkje at dei blei lagd inn tri plassar. Dobbelkategorisering er bra, trippel blir for mykje. -- Ranveig 1. nov. 2005 kl. 09:49 (UTC)