Maldiskusjon:Brukar nn-3

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Denne brukaren har svært god kjennskap til norsk (nynorsk).» Eg synest ikkje dette er særleg god nynorsk, men at det luktar av substantivsykje. Eg føreslår i staden noko slikt: «Denne brukaren skriv svært godt norsk (nynorsk).» (Og tilsvarande «skriv ganske godt» på Mal:Brukar nn-2. Eg er litt usikker på kva som passar best på Mal:Brukar nn-1.) --GauteHK 24. mai 2005 kl. 0934 (UTC)

Ja, betre formuleringar er både nyttige og velkomne! :-) Eg er heilt einig med deg, men ville kanskje føreslå å bruke «kan» i staden for «skriv». Olve 24. mai 2005 kl. 0939 (UTC)
«Kan» er meir dekkjande, ja. Då passar det òg fint med «kan litt nynorsk»Mal:Brukar nn-1. --GauteHK 24. mai 2005 kl. 0947 (UTC)
Eller kva med den enklare varianten som er brukt på meta:Template:User_nn-3? «Denne brukaren skriv flytande nynorsk.» Eg synest iallfall det ser betre ut med «nynorsk» i staden for «norsk (nynorsk)», men det er kanskje eit poeng at språknamnet skal vera likt det offisielle? --GauteHK 24. mai 2005 kl. 1403 (UTC)
Eit problem med å bruke berre «nynorsk» er at dette passar dårleg for morsmålskategorien. Som talemål vil eg seie det blir feil å seie rett og slett «nynorsk» eller «bokmål». Eg vil personleg ikkje seie at eg har «nynorsk» eller «bokmål» som morsmål, men «norsk» — eller kanskje til og med «skandinavisk». Kva meiner forresten du (Gaute) om å bruke «kan». No skal det òg seiast at når vi kjem fram til kva vi tykkjer er best her på nn, så er det fritt fram for oss å harmonisere formuleringane her og på en: og meta: — og andre stader òg... :-) Olve 24. mai 2005 kl. 1926 (UTC)