Maldiskusjon:Dugnad august 2012

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I desse OL-tider føreslår eg sommar-OL som dugnadsemne for august! Her er mykje å ta av, både av norske sommar-OL-deltakarar opp gjennom tidene, internasjonale sommar-OL-deltakarar, idrettar, osb. Fantasien set grenser. Kva seier folket? HallvardLid (diskusjon) 31. juli 2012 kl. 14:34 (CEST)[svar]

Den nye rettskrivinga bør fylgjast opp. --89.8.149.176 1. august 2012 kl. 02:23 (CEST)[svar]
OL er eit høveleg dugnadstema som kan engasjere mange. Rettskrivinga må vi nok bruke meir enn ein månad på å få under huda. --Knut (diskusjon) 1. august 2012 kl. 07:29 (CEST)[svar]


Godt poeng med rettskrivinga! I demokratiets namn burde eg kanskje venta til fleire seier seg einige i det nye temaet. Men i og med at OL tek slutt før neste månadsskifte, tek eg meg den fridomen å setja i gang ny dugnad allereie no! HallvardLid (diskusjon) 1. august 2012 kl. 11:49 (CEST)[svar]