Maldiskusjon:Dugnad februar 2011

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Februar er open for forslag. --Ranveig 1. februar 2011 kl. 12:21 (CET)[svar]

  • Forslag 1: Lage artiklar om forplantingssystemet og alt rundt det, Det mannlege, det kvinnelege, andre dyreartar og planter. Dette er ein av dei siste kjerneartiklane me manglar på nynorsk wikipedia og det vert færre og færre born i nynorsksskulen så det er grunn til å tru at nynorskfolket treng informasjonen.
  • Forslag 2: Utvide artiklane om Kina.
  • Forslag 3: Finne god-artikkel-kandidatar og få dei godkjent.
- Hogne 1. februar 2011 kl. 14:34 (CET)[svar]
Me kan ta nummer 1 no og jobba oss nedover. --Ranveig 2. februar 2011 kl. 12:20 (CET)[svar]


Ranveig spør[1] om temaet var for vanskeleg for ein god dugnad. Og det trur eg kanskje at det var. Eg trur dette temaet burde vore gått gjennom av fagpersonell. Medisinske artiklar burde vore å stole på og informative på Nynorsk Wikipedia. Det er ikkje nokon som kan verve ein nynorsk medisinstudent? Hogne 2. mars 2011 kl. 14:17 (CET)[svar]

Eg er samd i det. Det er eit vrient tema å seia noko objektivt om, viss ein ikkje har medisinsk utdanning! For min del skal eg prøva å vera meir aktiv med kina-dugnaden i mars. HallvardLid 6. mars 2011 kl. 19:43 (CET)[svar]