Maldiskusjon:Fødd-lua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Malen øydelegg formatering[endre wikiteksten]

Denne malen ser ut til å øydeleggje formateringa for heile avsnittet som fylgjer den. Det blir plassert inni ein grå boks, omtrent som når ein brukar ein <pre>-tag. Dette er spesielt plagsamt på mobil, sidan det faktisk flytter heile avsnittet lenger ned på sida, og viser det andre avsnittet øvst. Er det nokon måte vi kan få fiksa dette, eller få nokon til å fikse dette? Beste helsing Tynnoel (diskusjon) 14. mai 2019 kl. 15:03 (CEST)

Alle fødd- og levde-malane ser ut til å gjera dette. Ingen veit kvifor. --Ranveig (diskusjon) 14. mai 2019 kl. 15:37 (CEST)
Ok. Fungerer denne malen for kategorisering om ein berre brukar han i ein infoboks? For i så fall kunne ein jo berre skrive fødselsdatoen i brødteksten utan mal, så slepp ein problemet der. Tynnoel (diskusjon) 15. mai 2019 kl. 12:14 (CEST)
For ein fantastisk idé! Det burde ikkje vera noko stort problem å laga ein ny eller endra Modul:Fødd (og kanskje ein Modul:Død. Veit ikkje om @Njardarlogar: kunne tenkt seg å sjå på det. Det er mogleg eg òg kan få det til. --Ranveig (diskusjon) 15. mai 2019 kl. 13:02 (CEST)
Godt! Då gjer eg det slik frametter. Skriv gjerne her viss de får fiksa dei malane noko meir. Tynnoel (diskusjon) 15. mai 2019 kl. 22:14 (CEST)
Eg har laga Mal:Fødd2-lua som eit lite forsøk, for dato utan parentes. Bruk gjerne den, men om han verkar godt, kan infoboksane kanskje bruka han automatisk. --Ranveig (diskusjon) 16. mai 2019 kl. 08:32 (CEST)
Eg prøvde å bruke fødd2-lua på Nicholas Wilkinson no, men eg har det same problemet på appen som eg hadde før. Tynnoel (diskusjon) 18. mai 2019 kl. 01:55 (CEST)
Denne malen skal inn i infoboksen. Datoen i innleiinga, i parentes, skriv ein for hand. --Ranveig (diskusjon) 18. mai 2019 kl. 07:37 (CEST)
Aha. Den er grei.Tynnoel (diskusjon) 18. mai 2019 kl. 12:27 (CEST)

Eg ser ikkje heilt kva for feil som vert vist til her, men eg har no meldt inn ein liknande feil for førehandsvisinga av artiklar (@Bjarkan), so det kan vera det kjem fram noko nyttig der. --Njardarlogar (ordskifte) 18. mai 2019 kl. 10:45 (CEST)

I "visuell endring"-modus på mobilframvisingar blir det også lagt til eit uønska linjeskift. Eg har lagt merke til at feilen ikkje opptrer når det står komma etter malen, som i Venceslaus Ulricus Hammershaimb. --Ranveig (diskusjon) 18. mai 2019 kl. 12:33 (CEST)
Og i Jørgen Moe - kanskje på grunn av ref-tagg like etter malen? --Ranveig (diskusjon) 18. mai 2019 kl. 12:58 (CEST)

Kva med daude personar? Finst dei ein tilsvarande død- eller levde-mal slik at det går an å ikkje bruke {{levde}}? Tynnoel (ordskifte) 25. mai 2019 kl. 23:36 (CEST)

Ja, det er også ein Mal:Død-lua som hentar inn dato og legg inn kategoriar på same måte som fødd2. Eg har prøvd malane i Hans Skjervheim. Det ser faktisk ut til at det går an å bruka dei inni parentesen også, i staden for i infoboksen. Det er mogleg problemet oppstår når eit eller anna tolkar eller klippar ut parentesane i malen. --Ranveig (diskusjon) 26. mai 2019 kl. 08:13 (CEST)
Ja, Hans Skjervheim fungerte bra for meg på telefonen. Tynnoel (ordskifte) 26. mai 2019 kl. 20:09 (CEST)