Maldiskusjon:God artikkel

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kor synleg skal malen vera?[endre wikiteksten]

Eg synest ikkje ei stjerne i eit hjørne er god nok merking for ein artikkel -- først må ein få auge på henne og så må ein vita kva ho står for. Andre måtar å merka på kan vera:

  • Ein boks eller ei line nedst i artikkelen, som mal:tidlegare utvald
    • Eller ein større boks på diskusjonssida
  • Automatisk innleggjing i ein "Gode artiklar"-kategori, gjerne ordna etter tema
  • Anna?

-- Ranveig 22. mai 2006 kl. 17:51 (UTC)

Eg er samd med deg. Me bør ha noko ein ser straks ein opnar artikkelen eller diskusjonssida. Kan me ikkje laga noko liknande det dei har på riksmåls-wikipediaen? Kanskje me kan ha ein slik ein på diskusjonssida, og denne pinglete stjerna saman med automatisk kategorisering på artikkelsida? Eller er det for mykje med to malar for kvar artikkel? --Tannkrem 20:19, 15 november 2006 (CET)

Eg endra stjerna til ei SVG-fil (betre kvalitet), og sette opp storleiken frå 14px til 17px. På bokmålswikien har dei 20 px, burde me òg ha det? Martin NH 15. august 2008 kl. 17:00 (CEST)[svar]

Greitt nok det, kanskje me også kan tenka på å finna ei ny stjerne? Denne er liksom så... brun. I tillegg synest eg faktisk me bør ta ut teksten og medaljen nedst. Denne har dei ikkje på dei andre wikipediaene eg såg på. Og han har fint lite med det dei gode artiklane handler om å gjera. --Ranveig 17. august 2008 kl. 20:40 (CEST)[svar]
Samd, det er nok info med eit tydeleg symbol (stjerna). Når det gjeld stjerna er det ein fordel med den me har no at den er lik FA på engelsk og utmerka på bokmål. Men eigentleg treng ikkje det gjere noko. Dansk Wikipedia til dømes, har heilt eigne symbol for fremragende og gode artiklar. Det kan kanskje vere litt greit å skilje seg litt ut? I så fall ligg det nok av stjerner på commons. Martin NH 17. august 2008 kl. 21:25 (CEST)[svar]