Maldiskusjon:Infoboks delstat

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forslag til endring av malen[endre wikiteksten]

Eg våga meg til å gjera nokre små endringar på malen. Eg er vanlegvis svært forsiktig med slikt, fordi eg ikkje er så programmeringskyndig og ikkje vil øydeleggja alt... Difor har eg ikkje gjennomført den siste endringa eg gjerne vil gjera: Kva om ein gjer det som no er ordet "delstat", i tredje linja, til ein variabel? Gjer det mogleg å fylla inn til dømes "forbundsland" for Tyskland, "provins" for Canada, etc. Då kunne malen òg brukast for provinsar i land som ikkje er føderasjonar, t.d. län i Sverige og Finland, provinsar i Nederland, etc.

Eg håpar folk er einige i forslaget og at nokon kan gjennomføra det - eg veit ikkje heilt om eg vågar meg på det sjølv. --Barend 16:17, 16 april 2007 (CEST)

Eg er svært einig. Det var meininga då eg laga malen at ein skulle kunne bruka han til mykje rart. Eg har foreløpig gjort det slik at ein kan spesifisera type=, då får ein peikar til eit anna ord enn delstat. Viss ein ikkje skriv noko, blir det fortsatt vist til delstat. (Har eg nemnt kor glad eg er i ParserFunctions?) Om det kjem nokre problem der ein vil peika til éin artikkel og visa noko anna, eller kanskje til ein artikkel om «Delstatar i India» el.l., må noko endrast. --Ranveig 20:32, 16 april 2007 (CEST)
Ein annan liten ting... For ein god del delstatar, til dømes dei i Australia og Canada, hadde det vore greit å ha høve til å setja inn både flagg og våpen... slik eg skjønar malen no kan ein berre setja inn eit symbol?--Barend 21:07, 18 april 2007 (CEST)
Kva tenkjer du forresten å kalle dei to då? Flagg og våpen? Då må ein uansett gå igjennom alle som brukar "symbol". Kanskje ein kan heite symbol og det andre flagg eller våpen? Det må uansett ein oppryddingsjobb til etterpå. --Frokor 21:32, 18 april 2007 (CEST)
I Mal:Infoboks by er det slik at ein kan velgje to eller ein (byvåpen og byflagg), og at om ein berre vel ein av dei så vert biletet sentrert i midten. Det går sikkert an å kopiere den over, men den er noko komplisert. --Frokor 21:26, 18 april 2007 (CEST)

Trur det berre skal vere å kopiere inn denne der linja med {{{symbol}}} står. Du kan endre parametrane slik du vil.

| {{#if:{{{flagg|}}}{{{våpen|}}}|
{{!}} colspan="2" align="center" {{!}}
{{{!}} style="width: 23em; background: none; text-nalign: center;"
{{!}}-
{{#if:{{{flagg|}}}| {{!}} style="vertical-align: middle;" {{!}} [[Fil:{{{flagg|}}}|{{#if:{{{flaggstorleik|}}}|{{{flaggstorleik}}}|125px}}|Flagget til {{{namn|}}}]] }}
{{#if:{{{våpen|}}}| {{!}} style="vertical-align: middle;" {{!}} [[Fil:{{{våpen|}}}|{{#if:{{{våpenstorleik|}}}|{{{våpenstorleik}}}|100px}}|Våpenet til {{{namn|}}}]] }}
{{!}}-
{{#if:{{{flagg|}}}| {{!}} <small>'''Flagget til {{{namn|}}}'''</small> }}
{{#if:{{{våpen|}}}| {{!}} <small>'''Våpenet til {{{namn|}}}'''</small>}}
{{!}}}
}}

Det er no kopiert inn, og står oppe i malen, slik som i mal:infoboks by. Eg let symbol stå, men gjorde han valfri, slik at me ikkje er nøydde til å gå rundt og retta ørten artiklar på ein gong. Viss det finst byar som har symbol i tillegg til flagg og våpen, kan jo dei nytta parameteret. --Ranveig 00:38, 19 april 2007 (CEST)

Kanskje det hadde vore like greitt å ha flagg/våpen der det eine symbolet er no? Og kalla våpen for symbol? Dei symbola som er sett inn i malane så langt er uansett stort sett våpen. Hvis det kunne gjerast slik at me får moglegheita til å setja inn eit flagg ved sida av våpenet, nederst, hvis det finst eit slikt? --Barend 11:11, 19 april 2007 (CEST)
Det er fiksa, men ein må berre skrive inn biletnamnet, og ikkje Fil: og klammeparanteser og slikt. Altså berre slik: symbol=Coat of arms of Berlin.svg. Har ikkje testa om han fungerer med flagg i tillegg. --Frokor 11:28, 19 april 2007 (CEST)
Virka greit med flagg også. Hugs at «|» må vere med på slutten av kvar parameter, ellers virkar det ikkje. --Frokor 11:30, 19 april 2007 (CEST)
Det ser ikkje heilt bra ut endå. Alle malane det er lagt inn eit symbol i ser no dårlege ut, med masse tekst på kvar side av våpenet. Går det an å få ordna dette på ein annan måte enn å redigera alle artiklane? Det blir ein del kav...--Barend 11:43, 19 april 2007 (CEST)
Det går fint an, men då må ein halde fram med å skrive inn [[Fil:våpen.png|150px]] vidare også. Eg kan gjerne fikse opp i dei malane som alt har våpen/symbol, slik at ein slepp dette. --Frokor 11:52, 19 april 2007 (CEST)
Det skal eg ikkje nekta deg :-) No brukte eg malen på New South Wales - det ser jo riktig fint ut.--Barend 15:21, 19 april 2007 (CEST)
Den automatiske biletteksten må nok kanskje bort. Det ser litt rart ut for statar med namn på fleire språk. Eg kan opprette ein parameter slik at ein kan endre biletteksten når det er nødvendig. --Frokor 12:02, 19 april 2007 (CEST)
Eg kan endre den automatiske biletteksten til «NAMN sitt flagg/våpen» om du vil. Det vert jo oppdatert automatisk for alle som nyttar malen. --Frokor 16:26, 19 april 2007 (CEST)
Kva med berre «flagg» og «våpen»? Det er jo rimeleg opplagt kva symbola høyrer til. --Ranveig 18:11, 19 april 2007 (CEST)
Ja, eg tenkte på det når eg retta på bilete i stad, at eg kunne jo like gjerne ha bytta «symbol» ut med «våpen» i same slengen. Eg kan ta ein ny runde og byte symbol med våpen i dei som alt nyttar infoboksen. Det var ikkje mange. --Frokor 19:32, 19 april 2007 (CEST)
No skjønte eg kva du meinte... :D --Frokor 19:35, 19 april 2007 (CEST)