Maldiskusjon:Infoboks kyrkje

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg har prøvd malen, blant anna for nokre kyrkjer i Nordland. Ho fungerer stort sett godt, men informasjon om altartavla kjem ikkje fram (sjå t.d. Dolstad kyrkje. Veit ikkje kva som er gale. - Knut 07:47, 29 mars 2007 (CEST)

Ein liten skrivefeil som har snike seg inn i malen der ja. Er fort vanskeleg å oversjå i virvaret av kodar og teikn. Men no fungerer det fint, og skal fungere der du alt har brukt altartavleparameteren. --Frokor 10:47, 29 mars 2007 (CEST)
Eg tok vekk Fil:Olavsmerket.jpg frå |---- valign="top" | colspan="2" align="center" bgcolor="#FFFFFF" style="border-top:5px solid white;" |{{#if:{{{bilete|}}}|[[Fil:{{{bilete}}}|240px|center]]|[[Fil:Olavsmerket.jpg|100px|center]]}} sidan denne bruken kanskje går ut over den illustrative bruken av heraldiske våpen som er tillaten, sjå Fildiskusjon:Olavsmerket.jpg. - Knut 21:10, 17 mai 2007 (CEST)


Kva med å legge til felt for orgel og kyrkjeklokker? Dette er parameterar som kanskje interesserer nokon. --Anders 19:29, 20 september 2007 (CEST)

God ide! --Sigmundg 19:33, 20 september 2007 (CEST)
Ja. Kva skal me ha å fylla ut? Ja/nei og bygd år? --Ranveig 21:43, 20 september 2007 (CEST)

Er det nokon grunn til at akkurat dette feltet skal synast (med "ukjend") sjølv om ein ikkje har info, synast for meg som om dette feltet skulle ha vore lik dei andre. Er såvidt eg kan forstå berre å endre

|---- valign="top" bgcolor="#efefef"
| style="border-bottom:1px solid lightgrey;" |'''Innvigd:''' 
| style="border-bottom:1px solid lightgrey;" |{{#if:{{{innvigd|}}}|{{{innvigd}}}|Ukjend}}

til

|---- valign="top" bgcolor="#efefef" style="display:{{#if:{{{innvigd|}}}|normal|none}}"
| style="border-bottom:1px solid lightgrey;" |{{#if:{{{innvigd|}}}|'''Innvigd:''' |}}
| style="border-bottom:1px solid lightgrey;" |{{{innvigd|}}}

Finn Rindahl 20:52, 15 april 2008 (CEST)

Koordinatar[endre wikiteksten]

Sjå Dolstad kyrkje. Går det an å leggje koordinatar inn i infoboksen? --Knut 07:43, 9 mai 2008 (CEST)

Det er sjølvsagd mogleg, men eg veit ikkje om det er nokon god ide. Eg synest koor gjer seg best oppe i hjørnet eg. Finn Rindahl 11:14, 9 mai 2008 (CEST)
Ja, det ser bra ut slik det ser ut no. -Knut 14:01, 9 mai 2008 (CEST)

Saknar felt for kven si kyrkje det er[endre wikiteksten]

Denne malen har plass til voldsomt mykje arkitetekturinformasjon, eg saknar felt for kven si kyrkje det er, det vil seie einingar som :

  • sokn
  • fellesråd
  • prestegjeld
  • prosti
  • bispedøme
  • trussamfunn/kyrkje (i tydinga Den norske kyrkja, Det Norske Baptistsamfunn etc.)

Desse inndelingane vil ha ulike namn alt etter kva kyrkje og trussamfunn det er som eig bygget. Går det å løyse med å ha felt a la desse i mal:infoboks by?
|underinndeling_type =
|underinndeling_namn =
Så kan ein leggje inn det ein treng/vil ha med av einingar med <br> mellom.

Når det gjeld det øvste nivået (Den norske kyrkja, etc.), skulle er gjerne sett det ganske tidleg i malen, i eit dedikert felt under felta for namn og bilete, og så gjerne ha plass til underinndelingane like under det. --Jorunn 8. juni 2008 kl. 00:59 (CEST)[svar]

Samd. Malen er omsett frå bm; sokn har vi lagt til allereie (og i Den norske kyrkja er det til vanleg soknet som eig kyrkjene), men den andre informasjonen er og i høgste grad meir relevant enn mykje av arkitekturinformasjonen. -Knut 8. juni 2008 kl. 07:40 (CEST)[svar]
Eg la til dei ønska parametera, dei kjem fram om ein fyller dei ut og ligg fint i bakgrunnen om ein ikkje gjer det. Sei frå om rekkefølge el.l. bør endrast. Den norske kyrkja og den katolske har forkortingar ein kan bruka og få att fullt namn; også her kan det leggjast inn fleire.
Etter mi meining er malen litt for lang. Eg ser gjerne at fleire arkitekturelement blir skildra i teksten heller enn i boksen. Som regel står det vel om dei to gonger i kyrkjeartiklane. --Ranveig 8. juni 2008 kl. 10:28 (CEST)[svar]

Illustrasjonstekstfeltet[endre wikiteksten]

Når ein fyller ut feltet byline, men ikkje har fylt ut feltet stad, vert det eit relativt stort grått felt med stipla kant rundt kring teksten som er lagd inn i bylinefeltet, sjå t.d. [1]. Går det å ordne malen slik at det feltet vert sjåande ut meir som dei andre felta, sjølv om stadfeltet ikkje er utfyld? --Jorunn 23. juni 2008 kl. 00:16 (CEST)[svar]

Trur dette er fiksa no, var rett og slett berre litt for mange mellomrom mellom parametarane. Finn Rindahl 23. juni 2008 kl. 13:05 (CEST)[svar]