Maldiskusjon:Namn på ulike språk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stilig idé. Fargevalet kan vera litt uheldig -- synest t.d. grønfargen ikkje passar særleg godt saman med dyreinfoboksane. Sterke bakgrunnsfargar er i det heile vanskelege å få rett. Føreslår noko meir nøytralt som dei vanlege navigasjonsfargane. Det er keisamt, men det verker. --Ranveig 30. juni 2010 kl. 19:25 (CEST)[svar]

Blei forresten litt forbausa over at lenkjene peikte til wikipediaartiklane på andre språk, sjølv ville eg venta meg Wikitonary (sidan dette spesifikt tek opp språk og sidan me allereie har interwikiar til artikalr på andre språk). Men kva meiner andre? --Ranveig 30. juni 2010 kl. 19:28 (CEST)[svar]
Eg har ingen sterke meiningar om fargar, så der toar eg mine hender fullstendig. Hovudtanken bak å retta lenkjene til wikipediaartiklane på andre språk var vel på ein diffus måte noko sånt som at lenkjene på denne måten fungerte som ein slags kjeldereferanse for at namnet på t.d. dansk faktisk er det som det står. Men det stemmer sjølvsagt det du seier om wiktionary og eksisterande interwikiar, så her er det berre å køyra debatt. Merk forresten at (viss eg har fått det til rett) vil namnet på t.d. dansk automatisk stå med vanleg ikkje-lenke-skrift dersom det ikkje finst ein artikkel på dansk wiki om emnet.
Eg prøvde å halda talet på språk relativt lågt, for å ikkje opna slusene for all verdas tusenvis av språk - men burde kanskje spansk òg vera med? Har nokon meiningar om dette? --Barend 30. juni 2010 kl. 19:50 (CEST)[svar]
Døme på bruk av malen kan ein no sjå på torsk, eik og bjørn. Og med lenkjer til wiktionary på raudrev.--Barend 1. juli 2010 kl. 02:42 (CEST)[svar]
Eg meiner malen fungerer fint slik han er no. Om ein vil lenkja til Wiktionary er det berre å skriva inn det før lenkjeordet. --Ranveig 6. juli 2010 kl. 11:31 (CEST)[svar]

Burde vi ha lenkjer til språk med lang tradisjon i Noreg? Eg tenkjer særleg på sør-, lule- og pitesamisk... -- Olve Utne 1. november 2010 kl. 13:52 (CET)[svar]

Finsk er et viktig språk i Norden, og har lang tradisjon i deler av Norge. Kvensk er et minoritetsspråk i norge, og i mange tilfeller vil de kvenske ordene være lik som på finsk, og altså også ha verdi for kvenskspråklige. --Bævik 06. april 2016 kl. 13:25 (CEST)[svar]